Søknad om løyve for Nor Tekstil AS avd. Møre og Romsdal i Ålesund kommune

Høyringsfrist:
14. oktober 2025 23:59

Nor Tekstil AS avd. Møre og Romsdal søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp/påslepp av prosessvatn frå det nye anlegget sitt i Digerneset Næringspark.

Publisert 17.09.2025

Anlegget er dimensjonert til å handsame om lag 40 tonn tekstilar per dag i høgsesong, og mengda vaskevatn vil då vere om lag 50 kubikkmeter per døgn. Vaskeriet skal ha eit avansert fullskala reinseanlegg for industrielt vaskeri. Alt prosessvatn skal gå gjennom anlegget og 75 % av vatnet vil verte gjenbrukt. 

Søknad med vedlegg kan lesast via lenkjene til høgre på sida.

Vi ber om at eventuelle merknadar vert send til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no før 15.10.2025.