Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 12.03.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir


Publisert 27.02.2024

Retten til vidaregåande opplæring for ungdom som bur i mottak

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring for alle som er busett i fylkeskommunen, også i mottak.


Publisert 24.01.2024

Fleire vert mobba i skolen – også i Møre og Romsdal

– Det er ei markant auke i elevar i grunnskolen som er blitt mobba den siste tida. Auken gjeld både mobbing frå andre elevar, frå vaksne på skolen og digital mobbing, fortel underdirektør Maren Ørjasæter hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.


Publisert 09.01.2024

Ungdom som nyleg har kome til Norge og skal søke om vidaregåande opplæring innan 1. februar

Det er viktig at tenestene som er i kontakt med dei nykomne hjelper til med å formidle informasjon til ungdomane.


Publisert 23.10.2023

Dronning Sonjas skolepris for likeverd og inkludering går til Storhamar videregående skole

"Storhamar videregående skole i Innlandet, har over flere år jobbet systematisk med å styrke medvirkning for elever og skape et godt læringsmiljø for alle på skolen. Nå anerkjennes de for det viktige arbeidet. Prisen deles ut 30. november," skriv Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.


Publisert 21.09.2023

Arbeid med rammeplan for skulefritidsordning (SFO) - forventningar og ansvar

I august 2021 blei det innført ein nasjonal rammeplan for SFO. Rammeplanen er forskrift til opplæringslova, og skal gi føringar for verdiane og innhaldet i SFO-tilbodet.


Publisert 13.09.2023

Allanengen skole, Kristiansund, er nominert til Dronning Sonjas skolepris 2023

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har nominert Allanengen barneskole i Kristiansund til Dronning Sonjas skolepris. Skolen var nominert også i 2021.


Publisert 30.08.2023

«Jeg vet» - viktig læringsressurs til bruk i barnehagar og skolar

«Jeg vet» er ein kunnskapsbasert læringsressurs for alderstilpassa opplæring i barnehagar og skolar om mobbing, vald og overgrep.


Publisert 13.06.2023

Kan PPT la vere å tilrå assistent i sakkunnig vurdering?

PPT skal tilrå timar med assistent i sakkunnig vurdering, når dei vurderer at eleven har behov det. Det slår Utdanningsdirektoratet fast.


Publisert 02.05.2023

Dronning Sonjas skolepris 2023

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal søker kandidatar til Dronning Sonjas skolepris 2023. Tenk om prisen kunne gå til ein skole frå Møre og Romsdal i år! Skolane må sjølv lansere seg som kandidat til prisen innan 20. juni 2023 ved å fylle ut eit skjema. 


Publisert 24.03.2023

Ny opplæringslov skal gjere fleire unge klare for arbeidslivet

– Alle skal få rett til å få opplæring heilt til dei har fullført vidaregåande, fleire moglegheiter til å ombestemme seg, og dei skal bli enda tettare følgd opp undervegs, seier kunnskapsminister Tonje Brenna om regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov.


Kva er berekraftig matproduksjon?

Nettsida bærekraftigmatproduksjon.no syner på ein pedagogisk måte den kompliserte samanhengen mellom matproduksjon, klima og bruk av areal.

Vi følgjer familien Hansen som stiller nokre spørsmål før dei kan bestemme seg for kva dei skal ha til middag. Mellom anna lurer dei på: "Skal vi velje vegetarburgar eller hamburgar?", "Har dyra hatt det bra?", "Er det så viktig at maten er produsert i Norge?" og "Kva kostar det eigentleg?".

Nettsida passar fint for å formidle korleis maten blir produsert. Bruk gjerne nettsida i skolen!

Sida er produsert i samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og fleire miljø- og landbruksorganisasjonar.