Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde i Alver og Austrheim kommunar vart verna i juni 2020 som fylkets første marine verneområde. Dei siste åra har vi jobba med å lage forvaltningsplan for området, og no er den klar til bruk.
27.03.2026
Statsforvalteren i Vestland har ført tilsyn med Helse Bergen, etter at ein pasient tok livet sitt medan han var innlagt på psykiatrisk akuttmottak i desember 2025.
Vil du vere med og løyse viktige miljøutfordringar i Vestland? Vi har ledige stillingar innan naturforvaltning og forureining. Søknadsfristen er 15. april.
Overvakingsdata for Hardangerfjorden viser ei negativ utvikling over tid som har kome så langt at det ikkje er mogleg å nå miljømåla i vassforskrifta. Vi har no behandla ni saker som vart utsette i 2023, og må seie nei til desse søknadene fordi dei vil føre til auka utslepp frå akvakultur.
26.03.2026
Vil du bruke jussen til å styrkje rettane til barn og unge? Vi søkjer jurist til utdanningsområdet. Arbeidsstaden er Leikanger. Velkomen som søkjar innan 14. april!
25.03.2026
Det er godt kjent at det er farleg å puste inn giftig gjødselgass, men likevel skjer det alvorlege ulukker. Gassen er vanskeleg å oppdage, og nokre få andedrag kan vere nok til at ein svimar av.
23.03.2026
Liv Signe Navarsete har søkt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet om avskjed frå stillinga som statsforvaltar frå 1. september.
19.03.2026
IKEA får ikkje dispensasjon for å etablere fleire parkeringsplassar i Forus Næringspark enn det plangrunnlaget legg opp til.
17.03.2026
Vi ber alle turgåarar og andre som ferdast i påskefjellet, om å ta omsyn til villreinen og ikkje uroa dyra.
16.03.2026
Tilgang på nok mat og vatn er ein viktig føresetnad for eit fungerande og motstandsdyktig samfunn. Som ledd i arbeidet med å sjå på fylket si evne til å stå imot uønska hendingar, har vi gjennomført ein scenarioanalyse av matvareberedskapen i Vestland.
12.03.2026