Landbrukskonferansen i 2026 - med vekt på beredskap og sikker matforsyning
- Dato:
- 22. september 2026 11:00 - 23. september 2026 14:30
- Stad:
- Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, Vestland Fylkeskommune, Innovasjon Norge
- Målgruppe:
- Kommuane i Vestland, SFVL, organisasjonar
- Påmeldingsfrist:
- 10. august 2026 00:00
I år blir landbrukskonferansen på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde, den 22. og 23. september. Beredskap er tema for samlinga med kommunane i Vestland.
Korleis er stoda på gardane i Vestland og korleis blir beredskapen utøvd i praksis? Innlegga i plenum gir oss ferske opplysningar om situasjonen.
Av totalt 15 parallellsesjonar skal vi ha fem sesjonar om næringsutvikling og ti sesjonar om forvaltning. Blant åtte ulike tema innan forvaltning, blir det eit dypdykk i fagområda skogbruk og konsesjonslov. Vidare kan du få kunnskap om viltforvalting, bruk av overskotsmasser/planering, gjødselforskrifta, driveplikt, jordvern og produksjonstilskot.
Anette Stegegjerdet Norberg, statssekretær i Landbruks- og matdepartementet kjem, i lag med mange andre innleiarar, mellom andre Endre Kleiveland frå Ølmheim Siderhage og Torunn Skarstad frå Nordfjord smak SA.
Konferansen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland, Innovasjon Noreg Vestland og Vestland fylkeskommune.
Påmelding innan måndag 10.august.
Har du spørsmål, ta kontakt med Daniel Starheim.
Programmet i høgremargen.
Kjem du?
- Dato:
- 22. september 2026 11:00 - 23. september 2026 14:30
- Stad:
- Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, Vestland Fylkeskommune, Innovasjon Norge
- Målgruppe:
- Kommuane i Vestland, SFVL, organisasjonar
- Påmeldingsfrist:
- 10. august 2026 00:00