Avslag på søknad om riving av uthus i Sogndalsfjøra

Statsforvaltaren i Vestland har gitt avslag på søknad om riving av uthus for oppføring av garasje i Sogndalsfjøra.

Publisert 28.05.2026

Det gule uthuset i Sogndalsfjøra ligg i eit område regulert til bevaring av kulturmiljø. Reguleringsplanen krev at eksisterande bygningar skal setjast i stand og tilbakeførast – ikkje rivast. Tiltaket var difor avhengig av dispensasjon for å kunne realiserast.

Sogndal kommune gav først løyve til riving og oppføring av nybygg våren 2025, men vedtaket vart klaga på av Vestland fylkeskommune. Fylkeskommunen meinte tiltaket ville skade kulturmiljøet i området, og kommunen omgjorde vedtaket til avslag i oktober same år.

Tiltakshavar klaga vidare, og politisk utval for plan og samfunn i Sogndal kommune støtta klagen. Dei bad Statsforvaltaren om å gi dispensasjon og gjere endeleg vedtak.

I vedtaket vårt har vi konkludert med at omsynet bak bevaringsføresegnene og regionale kulturminneinteresser vil bli sett vesentleg til side dersom det blir gitt dispensasjon. Dermed er eitt av to naudsynte vilkår for dispensasjon etter plan- og bygningslova § 19-2 ikkje oppfylt, og det kan ikkje bli gitt løyve.

Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast vidare.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.