Marint vern

Statsforvaltaren har fått i oppdrag å starte verneprosess for Sognefjorden. Verdas djupaste og lengste isfrie fjord har unike kvalitetar som skal bli teke vare på for framtidige generasjonar. Ferdsel og friluftsliv vil fortsette som før.
Statsforvaltaren har fått i oppdrag å starte verneprosess for Sognefjorden. Verdas djupaste og lengste isfrie fjord har unike kvalitetar som skal bli teke vare på for framtidige generasjonar. Ferdsel og friluftsliv vil fortsette som før. Foto: Maria Knagenhjelm.

Dei marine miljøa i Vestland er blant dei mest mangfaldige og artsrike i landet. Skjergarden og fjordane våre er unike i verdssamanheng, med tareskog, skjelsand, djuphavskorallar og svampar. Frå dei brepåverka brakkvassområda inst i fjordane til eitt av verdas mest vêrharde kyststrekk, finn vi eit mylder av liv og leveområde.

Det er eit nasjonalt mål å ta vare på eit representativt utval av natur i Noreg for kommande generasjonar. Vi har verna store område i fjellet, og vi har verna viktige naturtypar som regnskog, myr, edellauvskog, våtmark, kvartærgeologiske område og vassdrag. Under overflata i fjordane og langs kysten er det også eit stort naturmangfald. I marine miljø, der det er sårbare eller sjeldne naturverdiar eller representative område for naturmangfaldet i landet vårt, kan vi opprette marine verneområde.

Tareskogen er eitt av dei mest artsrike økosystema vi har på jorda. Tareskogen er oppvekstområde og leveområde til eit mangfald av artar. Visste du at ein enkelt tarestilk kan huse opptil 100 000 individ av ulike artar?
Tareskogen er eitt av dei mest artsrike økosystema vi har på jorda. Tareskogen er oppvekstområde og leveområde til eit mangfald av artar. Visste du at ein enkelt tarestilk kan huse opptil 100 000 individ av ulike artar? Foto: Erling Svensen.

Det globale biletet til havs

Rapportar frå FN sitt naturpanel (IPBES) fortel oss at så mykje som 66 % av havområda i verda er påverka av menneskeleg aktivitet. Dette kan til dømes vere gruveaktivitet, forureining frå båttransport, oppdrett eller andre prosjekt som endrar økosystema til havs. Berre 3 % av dei marine områda i verda er fri frå menneskeleg påverknad. Det er særs mange artar som lever under overflata, og det vert sagt at vi har kartlagt overflata på månen betre enn vi kjenner mange av havområda våre. Marine område husar mange artar, men desse blir påverka globalt av plastforureining, overfiske, avrenning frå landbruk, industriavfall og framande artar som kjem gjennom ballastvatn i skip. 

Kvifor vernar vi?

Vi vernar natur for å hindre tap av artar og livsmiljøet deira. Naturpanelet til FN peikar også på at vern av natur kan vere eitt av fleire verktøy for å dempe effekten av klimaendringane. Til dømes kan ei intakt myr fungere som flaumvern når det kjem hyppigare og hardare regn, og i tørkeperiodar kan myra halde på vatnet og sikre jamnare tilgang på ferskvatn over tid. I det marine miljøet kan ei intakt ålegraseng og stortareskogen vere oppvekststad for mange artar av fisk og pattedyr, og som matfat for fugl. Ålegrasenga og stortareskogen kan også fungere som bølgjedempar og hindre skade på land når vinterstormane kjem. Naturpanelet seier at vi må også starte å restaurere øydelagde naturområde for å auke planeten si evne til å tole endringane som kjem med eit varmare klima og eit villare vêr.

Bakgrunn for det marine verneplanarbeidet i Noreg

I 2001 oppnemnde regjeringa eit breitt samansett rådgjevande utval. Utvalet fekk i oppdrag å velje ut område i landet vårt som kunne egne seg for marint vern. Det rådgjevande utvalet gav i 2004 ei tilråding om vern av 36 kandidatområde. Til dømes ligg Sognefjorden, verdas djupaste og nest lengste fjord, inne i tilrådinga. Kandidatområda vart delt inn i ulike kategoriar: pollar, straumrike lokalitetar, spesielle gruntvassområde, fjordar, opne kystområde, transekt kyst-hav og sokkelområde. I tillegg vart det teke omsyn til geografisk spreiing. For å lese tilrådinga kan du følgje lenka til høgre. 

Blir kva som helst verna?

Den marine verneplanen har som mål å verne eit representativt utval av natur under havoverflata. Områda skal ha representativ, særeigen, sårbar, sjeldan eller truga natur langs kysten og i territorialfarvatnet. Område kan også ha særskilt naturvitskapleg verdi eller utgjere ein spesiell geologisk førekomst. Eit område kan også vere aktuelt for vern om det kan vere særskilt viktig som økologisk funksjonsområde for ein eller fleire bestemte artar.

Fjæra er leveområde til artar som er tilpassa vekslande vasstand. Fugl er ofte tiltrekt av fjæra, då dei alltids kan finne seg litt mat. Som regel er fjæra trekt utanfor vernegrensa til marine verneområde, då det ofte er privateigde område.
Fjæra er leveområde til artar som er tilpassa vekslande vasstand. Fugl er ofte tiltrekt av fjæra, då dei alltids kan finne seg litt mat. Som regel er fjæra trekt utanfor vernegrensa til marine verneområde, då det ofte er privateigde område. Foto: Erling Svensen.

Kva betyr det at eit område får status som marint verneområde?

Dersom du er uroa for om du framleis kan surfe, køyre båt eller fiske i eit marint verneområde kan du puste letta ut. Verneføremålet knyt seg til vassøyla og sjøbotn, og verneområdet startar først på to meters djupne under sjøkartnull. Der det er tilgrensande verneområde, som til dømes eit fuglefredingsområde eller våtmarksreservat, grenser dei to verneområda mot kvarandre. 

Det er vegetasjonen og dyrelivet på botn og i dei frie vassmassane som er verna. Dette vil i lita grad påverke aktivitetane til folk langs fjord og kyst. Fiske og fangst i samsvar med havressurslova og laks- og innlandsfiskelova er som regel lov, med unntak for hausting av vegetasjon. Bruk av taretrål eller annan botntrål, dumping av massar frå land, opptak av skjelsand og aktivitetar som påverkar vegetasjon og dyreliv, vil som regel ikkje vere lov. Kva som er lov og ikkje er spesifisert i vernereglane for det enkelte verneområde.

Statsforvaltaren kan gje løyve til legging av kablar, naudsynte farleitiltak for å trygge ferdsel til sjøs, tiltak i friluftsaugemed, flytebryggjer med meir, når det ikkje er i strid med verneføremålet.

Ein vil framleis kunne surfe, symje, dykke, køyre båt, fiske og utøve andre friluftsaktivitetar i marine verneområde. Her er det god surfevind og mange som vil teste bølgjene i Hoddevika, Stad.
Ein vil framleis kunne surfe, symje, dykke, køyre båt, fiske og utøve andre friluftsaktivitetar i marine verneområde. Her er det god surfevind og mange som vil teste bølgjene i Hoddevika, Stad. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Kva følgjer vil eit vern få på land?

Eit marint verneområde kan bidra til positive ringverknader, også på land. Forsking viser at vernestatus i eit område aukar interessa blant turistar. Slik kan eit vern generere auka verdiskaping i reiselivet og for lokalsamfunnet. Turistar vil ofte reise til verna område for å oppleve spesielt viktig natur og landskap. For lokalbefolkninga som bur nær eit verneområde kan det også være positivt for identiteten på staden at området blir løfta som nasjonalt særleg verdfullt.

Status i dag

Det er 15 marine verneområde i Noreg i dag (per november 2020), og så langt er eitt av dei i Vestland. Lurefjorden - Lindåsosane vart oppretta som marint verneområde i kommunane Alver og Austrheim i juni 2020.  

Vi jobbar med fleire område her i fylket, og både Dalsfjorden i Sunnfjord og Stad heilt i havgapet nordvest i Nordfjord kjem på høyring i løpet av hausten/vinteren 2021/22. Andre av våre område som er i prosess er Ytre Hardangerfjorden i Sunnhordland og Krossfjorden sørvest for Bergen. Disse to ligg til slutthandsaming i Klima- og miljødepartementet.

Av dei 36 tilrådde kandidatområda, ligg seks i Vestland. Det har nyleg komme oppdrag til Statsforvaltaren om å setje i gang verneprosess for Sognefjorden, som er det siste kandidatområdet i vårt fylke. 

Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde er det første av sitt slag i fylket. Verneområdet ligg i kommunane Alver og Austreim.
Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde er det første av sitt slag i fylket. Verneområdet ligg i kommunane Alver og Austreim. Foto: Copyright Magnus Johan Steinsvåg.

Involvering av lokale og sentrale aktørar

Når Statsforvaltaren får i oppdrag å setje i gang ein verneprosess legg vi til rette for brei involvering. Vi skal samle kunnskap, spreie informasjon og ha drøftingar med dei som blir påverka av verneframlegget. Vi har synfaringar i felt, har særskilde møte med kommunar og fylkeskommune, og har som mål å samle inn mest mogeleg informasjon både før og under prosessen. Vitskapeleg kunnskap vil utgjere eit viktig faggrunnlag, og også den erfaringsbaserte kunnskapen er viktig å få fram i prosessen. Difor er det viktig å involvere aktørar på mange plan.

Når framlegget kjem på høyring ønskjer vi di meining! Har du lang erfaring som fiskar, eller er dykkar og har funne område med korallar eller andre spesielle artar på botn eller i vassmassane, vil vi gjerne få tips! Sjekk ut det enkelte område i menyen oppe eller ta kontakt.

Det er viktig med god involvering i verneprosessar, og ofte ser ein best dei aktuelle problemstillingane ute i felt. Her er bilete frå tur i samband med verneprosessen på Stad.
Det er viktig med god involvering i verneprosessar, og ofte ser ein best dei aktuelle problemstillingane ute i felt. Her er bilete frå tur i samband med verneprosessen på Stad. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Tom Dybwad.

Prosessen fram til Kongen i statsråd

Både under oppstart og høyring skal framlegg til kartavgrensing og verneforskrift (vernereglar) ligge ute til offentleg ettersyn. Då er det ope for å sende inn innspel og meiningar. Høyringsfristen skal vere på minimum to månader, men gjerne meir, og fristen skal verte kunngjort til involverte partar og i lokalaviser på staden.

Etter at høyringa er avslutta og innspela innarbeidde, blir tilrådinga sendt til Miljødirektoratet. Dei gjer eventuelle avklaringar med andre samfunnsinteresser som blir påverka av eit vern. Deretter kjem saka til Klima- og miljødepartementet, som også drøftar saka med andre relevante departement. Endeleg vedtak om vern etter naturmangfaldlova § 39 blir fatta av Kongen i statsråd gjennom kongeleg resolusjon. Du kan lese meir detaljert om verneprosessar i lenkja til høgre.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.