Dalsfjorden kandidatområde for marint vern

Dalsfjorden ligg i kommunane Sunnfjord, Fjaler og Asvoll og er eit kandidatområde for marint vern. Under overflata finn ein ulike tersklar laga gjennom fleire istider, og her er leveområde til eit spennande artsmangfald.
Dalsfjorden ligg i kommunane Sunnfjord, Fjaler og Asvoll og er eit kandidatområde for marint vern. Under overflata finn ein ulike tersklar laga gjennom fleire istider, og her er leveområde til eit spennande artsmangfald. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Dalsfjorden er ein smal fjordarm i Sunnfjord omkransa av fossefall og bratte, skogkledde lier. Det er stor tilførsel av ferskvatn i Dalsfjorden, og det har danna seg spesielle naturmiljø under vatn. No pågår det ein verneprosess for å ta vare på det verdifulle naturmangfaldet under overflata inst i fjorden.

Gjennom mange istider har breane utforma fjordane våre, slik som Dalsfjorden. På botn av alle fjordar finn ein tersklar som breane har lagt att, og desse tersklane bidrar til dei spesielle tilhøva i ein fjord. I Dalsfjorden er det fleire slike tersklar med ulikt artsmangfald innover fjorden. Artar som ein vanlegvis finn djupare under overflata trivst i ganske grunne område her i kandidatområdet. 

Korallar i grunne område

I dei straumrike områda Sundneset og Svedsundet er det registrert rike og tette førekomstar av blant anna anemonar og blautkorall. Begerkorall vart også registrert i tette koloniar ved Sundneset, Nistad, Bjørvikstranda og Svedsundet frå om lag 9 til 36 meters djupne. Det er sjeldan å sjå tette samlingar av denne arten og begerkorallen opptrer vanlegvis djupare enn 20 m. Korallnellik, som var hyppig på bratte fjellveggar i straumrike område, opptrer vanlegvis djupare enn 50 m, men i Dalsfjorden vart den registrert opp til 10 meters djupne.

Korallnellik er ei anemone som trivst på langt meir grunne område i Dalsfjorden enn det som er vanleg i fjordane våre. Den lev i straumrike område, der den filtrerer vatn og finn næring.
Korallnellik er ei anemone som trivst på langt meir grunne område i Dalsfjorden enn det som er vanleg i fjordane våre. Den lev i straumrike område, der den filtrerer vatn og finn næring. Foto: Torgeir Kaarbø.

Høge naturverdiar i fjorden

Ein stor verdi for Dalsfjorden er at fjorden er så lite utbygd. Fjorden har heller ikkje ei vesentleg påverking av forureining, samanlikna med andre indre fjordarmar. Både Gaularvassdraget og Laukelandsfossen/Storelvi som renn ut i Dalsfjorden er verna mot kraftutbygging. Elva Gaula har også status som nasjonalt laksevassdrag. Kandidatområdet for marint vern i Dalsfjorden inkluderer dei to eksisterande naturreservata Holmelidholmen sjøfuglreservat og Osen våtmarksreservat. Dette bidreg til høge naturkvaliteter i eit stort område.

Korleis ser det ut under overflata?

Fjordbassenget innanfor terskelen ved Nishammar har ei største djupne på 172 m, og både Storelva med Laukelandsfossen og Fossedalselva renn ut i fjorden her. Lenger inn fjorden er det ein terskel ved Halsnes, og bassenget innanfor har ei største djupne på 97 m. Det tronge Svesundet ved Bygstad fører inn til den inste pollen ved Osen, som har ei djupn på 30 m. Botnen i den indre pollen består av fin sand medan det utanfor Svesundet er mudderbotn. Svesundet har hardbotn.

Pigghå er ein hai som trivst i Dalsfjorden. Den kan bli opptil 75 år gamal, og får få unger i løpet av livet. Den er sterkt truga grunna tidlegare overfiske, og er i dag forbode å drive fangst på.
Pigghå er ein hai som trivst i Dalsfjorden. Den kan bli opptil 75 år gamal, og får få unger i løpet av livet. Den er sterkt truga grunna tidlegare overfiske, og er i dag forbode å drive fangst på. Foto: Espen Rekdal.

Avgrensing av det føreslegne marine verneområdet

Det tilrådde marine verneområdet ligg i kommunane Fjaler, Askvoll og Sunnfjord. Yttergrensa for det marine verneområdet er tilrådd ved terskelen ved Nishammaren. Vernegrensa følgjer normalt sett marebakken med nokre unntak, samt i område der det allereie er naturreservat på land som går ned til sjøen. Der vil vernegrensa for det marine verneområdet møte grensa for våtmarksreservatet, uavhengig av djupne.

Staten eig området frå marebakken og nedover, så marint vern vil i avgrensa grad omfatte privat grunn. Bygging av naust og sjøboder følgjer reglane i plan- og bygningslova, med kommunen som forvaltningsmynde.

Verneføremålet

Føremålet med Dalsfjorden marine verneområde er å ta vare på ein særeigen, avskjerma fjord som har både representativ, sjeldan og sårbar natur. Og som i tillegg representerer bestemte naturtypar av særskilt naturvitskapleg verdi biologisk og geologisk. Det er ei målsetjing å halde verneverdiane utan større grad av ytre påverknad, og området skal kunne tene som område for forsking og overvaking.

Dalsfjorden har spesielle straumtilhøve og ein kombinasjon av stor ferskvasstilførsel og artsrike hardbotnsamfunn. Området grenser inn mot eit nasjonalt verdfullt estuarområde med sjeldsynte pusleplanteartar, og samstundes eit stor tal fiskeartar. Dalsfjorden er difor også eit viktig oppvekst– og beiteområde for eit mangfald av marine artar. Verneføremålet knyter seg først og fremst til vassøyla og sjøbotnen.

Begerkorall er ein steinkorall som opptrer aleine, ikkje i koloniar. Dei blaute delane kan trekke seg inn i eit kalkskjell, slik at den kanskje kan unngå å bli spist? Dei er rovdyr sjølv og lammar andre små dyr med nesleceller på tentaklane.
Begerkorall er ein steinkorall som opptrer aleine, ikkje i koloniar. Dei blaute delane kan trekke seg inn i eit kalkskjell, slik at den kanskje kan unngå å bli spist? Dei er rovdyr sjølv og lammar andre små dyr med nesleceller på tentaklane. Foto: Torgeir Kårbø.

Få konsekvensar i kvardagen

Det marine vernet vil i liten grad påverke aktivitetane til folk kring fjorden. Det er vegetasjonen og dyrelivet på havbotnen som er det primære verneføremålet når vi vernar marine område i Noreg. Friluftsliv kan foregå som før, også når eit marint verneområde blir vedteke. Ein kan ferdast med båt eller andre fartøy, og nytte seg av ankringsplassar. Ein kan også drifte og vedlikehalde eksisterande anlegg og innretningar som vegar, bruer, brygger, moloar, båtstøer og naust.

Fritidsfiske kan foregå som tidlegare etter laks- og innlandsfiskelova utan nye reguleringar. Fiske med passive reiskap (snøre, teine, ruse, garn, line) er lov dersom dei ikkje fører til negative verknadar på verneverdiane. Bruk av snurrevad vil det også vere høve til fordi det ikkje påverkar sjøbotn. 

Det er forbode å nytte taretrål og annan botntrål i marine verneområde. Opptak av skjelsand er heller ikkje lov. Etter søknad kan forvaltningsstyresmakta gje løyve til mindre uttak av sand til eige bruk for grunneigarar der eigedomsgrensa/vernegrensa følgjer vanleg flomål.

Restriksjonar på nye tekniske inngrep

Vernestatusen vil ha konsekvensar for nye tekniske inngrep. Inngrep på botn vil i utgangspunktet ikkje vere lov. Det vil ikkje vere opning for dumping av massar, då dette kan føre til nedslamming av botn for vegetasjon og dyr som lever over/på botn.

Nye inngrep som til dømes legging av kablar i utvalte korridorar eller oppføring av nye flytebrygger/fortøyingar kan få løyve frå forvaltningsstyresmakta dersom tiltaka ikkje er i strid med verneføremålet. Dette gjeld også t.d. levandelagring av fisk. Verneforskrifta opnar også for å gje løyve til utviding av tømmerkaien i Kvamen og tiltak i grunne område som båtopptrekk, eller liknande. Verneforskrifta skildrar kva ein treng løyve til. Det kom mange innspel i høyringa som vi har, så langt det er mogeleg, teke omsyn til. Les heile tilrådinga vår ved å følgje den oransje lenkja til høgre. 

Prosessen i Dalsfjorden

Det vart meldt oppstart i 2017 etter at dåverande Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fekk oppdraget frå Miljødirektoratet. Det kom inn mange innspel, og det har så langt vore mange møte og synfaringar. Tilrådinga til verneforskrift og kartavgrensing er basert på kunnskapsgrunnlaget frå innspel i oppstartsfasen.

Verneforskrifta kom på høyring, i lag med kartavgrensinga, i februar 2022 og vart avslutta sommaren 2023. 

Nyhendesaker og oppdateringar om det enkelte området vert lagt ut på sida verneområde her hjå Statsforvaltaren i Vestland.

Dalsfjorden sett ovanifrå syner kor smal fjorden blir innover i landet. Det er ein fjord med stort tilsig av ferskvatn frå fjella rundt, og fjorden er godt teke vare på gjennom mange år.
Dalsfjorden sett ovanifrå syner kor smal fjorden blir innover i landet. Det er ein fjord med stort tilsig av ferskvatn frå fjella rundt, og fjorden er godt teke vare på gjennom mange år. Foto: Frida Mulen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.