Krossfjorden kandidatområde for marint vern

Foto: Copyright Magnus Johan Steinsvåg.

Krossfjorden sørvest for Bergen er foreslått for marint vern. Området omfattar både eit djupt fjordbasseng, og eksponert kyst og skjergard vest for Sotra. Naturen her er rikhaldig med ein variert undersjøisk topografi og eit stort mangfald av naturtypar, og det er gjort mykje forsking i desse farvatna.

Tareskogen – regnskogen under overflata

Skjærgarden i kandidatområdet Krossfjorden er rik på tareskog. Tareskogen er ein av dei mest artsrike naturtypane vi har, og den kan huse fleire tusen virvellause dyr på få kvadratmeter. Mange av våre viktigaste fiskeartar har sin oppvekst i tareskogen, den husar også kjente botnlevande dyr som hummer og krabbe.

På dei bratte veggane ned mot fjordbotnen finst også korallar og svampar. Dette gjer området særs rikt på marine organismar. Verdiane i Krossfjorden er knytt til det store mangfaldet av naturtypar, flora, fauna på og over botn i området.

Foto: Espen Rekdal.

Føremålet med å verne marine område

Føremålet med å verne marine miljø er å ta vare på dei særeigne og representative naturtypane i fjorden, dei marine naturverdiane og økosystemet i eit større område. Kandidatområda som er foreslått, som her i Krossfjorden, skal dekke variasjonsbreidda i norsk marin natur. Det er mange artar som har sin typelokalitet i kandidatområdet, det vil seie at dei er skildra og registrert her for første gang, og er verdifulle for forskinga. Krossfjorden har verdifulle område med skjellsand, hardbotn, svamp, stortareskog, kalkalgeførekomstar og korallrev. Fleire av desse ligg på raudlista for naturtypar. Det er ikkje gjort mange undersøkingar av svampar og korallar i fjordane på Vestlandet, men i Krossfjorden meiner forskarane at faunaen under vatn er representativ for eit friskt fjordsystem med god vassutskifting. Sjå meir i forskingsrapporten til høgre. 

Stortinget har sett som mål å verne 10 % av norsk marin natur. Eit marint verneområde inkluderer botnen og botnlevande organismar, men også organismar i vassmassane der dei inngår i verneverdiane.

Føremålet med vern av Krossfjorden

Føremålet med Krossfjorden marine verneområde er å ta vare på eit spesielt kystområde med trua, sjeldan og sårbar natur, og som representerer bestemte naturtypar av særskilt naturvitskapleg verdi. Det er ei målsetjing å halde verneverdiane utan større grad av ytre påverknad, og området skal kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking og aktivitetar som reketråling og tarehausting. Krossfjorden er uvanleg djup og mykje av det særprega biologiske mangfaldet er knytt til havbotnen, mellom anna korallrev, særprega kalkalgar og store areal med tareskog som aldri har vore kommersielt hausta. Dette er viktige oppvekst– og beiteområde for eit mangfald av marine artar. Verneføremålet knyter seg til vassøyla og sjøbotnen.

Foto: Torgeir Kårbø.

Viktig referanseområde

Krossfjorden ligg ikkje langt frå den marinbiologiske forskingsstasjonen til Universitetet i Bergen på Espegrend. Derifrå har forskarane produsert kunnskap sidan 1955. Dette gjer at Krossfjorden er blant dei best dokumenterte og undersøkte kystområda vi har her i landet. All innsamla kunnskap vil vere eit viktig grunnlagsmateriale for å bruke Krossfjorden som eit referanseområde for framtidig forsking og overvaking.

Krossfjorden er også føreslått som referanseområde for overvaking og forsking fordi ein har så lange tidsseriar. Slik langtidsovervaking kan vere knytt til klimaendringar, introduserte artar, forureining, fysisk påverknad eller hausting av levande ressursar. Det er føreslått fire spesifikke overvakingsområde i kandidatområdet. Dette gjeld to trålfelt som referanseområde for kystreke, og to spesielle referanseområde for tareskog, ved Marsteinen i Austevoll og ved Lyroddane i Sund.

Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Julie Andersen.

Kulturminne

Siglingsleia inn til Bergen går gjennom Krossfjorden, og her finst mange marine og kystnære kulturminne. Ein har funne fleire vrak og andre lausfunn, og det er kartlagt ei rekke ankringsplassar, i tillegg til fleire handels- og gjestgivarstader. For å få meir informasjon om dei ulike funna kan ein gå inn på www.kulturminnesok.no Verneføreskrifta opnar for istadsetjing, skjøtsel og vedlikehald av kulturminne etter løyve.

Fiske på fritid og i næring

Krossfjorden har rike fiskeområde som blir nytta både til næringsfiske og fritidsfiske. Tradisjonelt fritidsfiske og fisketurisme er utbreidd i heile kandidatområdet. Fisket går føre seg heile året. Fiske med passive reiskap (snøre, teine, ruse, garn, line) vil vanlegvis kunne halde fram. Om det er særleg sårbare delar av området kor det er førekomstar av t.d. korallar som kan ta skade av fiske med garn, kan ein ha strengare restriksjonar der.

Fiske etter pelagiske artar med not og trål i dei frie vassmassane vil også ha liten effekt på verneverdiane. Nye fiskeri med ny reiskap som kan påverke botn bør ikkje vere lov. Det er i dag ikkje tråling av botnfisk i kandidatområdet og det er heller ikkje fiske med snurrevad. Fylkesmannen foreslår at taretråling blir forbode innanfor heile kandidatområdet. Krevjande undersjøisk topografi gjer at det aldri har vore trålt etter tare i kandidatområdet, men tare har vore hausta i mindre omfang med andre teknikkar.

Vernegrensa

Vernegrensa følgjer marebakken på 2 meter djupne med unntak i område der det allereie er naturreservat på land som går ned til sjøen. Staten eig området frå marebakken og nedover, så i utgangspunktet vert ingen private grunneigarar råka direkte. Bygging av naust og sjøboder følgjer reglane i plan- og bygningslova der kommunen er forvaltningsmynde.

Det føreslegne marine verneområdet dekker eit sjøareal på om lag 192,8 km2. Området grenser mot land langs djupnekote 2 m under sjøkartnull for heile området, unntatt indre delar av Krossfjorden, der grensa går mot djupnekote 100 m. Ytre avgrensing følgjer 200 m under sjøkartnull ut mot Nordsjøen. Verneområdet femner om overflata, vassøyla og sjøbotnen. Sjå framlegg til kartavgrensing ved å følgje lenkje til høgre. 

Næringsaktivitetar

Restriksjonsnivå for ulike aktivitetar er greidd ut nærare i høyringsprosessen. Det er ikkje tenkt restriksjonar på ferdsel, bruk av ankringsplassar og Kystverkets arbeid i fiskerihamner. Når det gjeld skjelskraping skal dette i utgangspunktet ikkje vere lov. Berekraftig og skånsam hausting av skjel kan få løyve om det ikkje vil ha negative følgjer for verneverdiane.

Det er ønskjeleg å halde området mest mogleg upåverka av havbeite. Hausting av naturlege bestandar på ein berekraftig måte vil ikkje bli forbode gjennom vern. Inngrep på botnen skal ein unngå. Dette gjeld uttak av massar som sand og grus. Deponering av massar som påverker botn er i utgangspunktet ikkje lov.

Det er ikkje lagt opp til restriksjonar på drift og vedlikehald av eksisterande anlegg og innretningar. Dette gjeld mellom anna for akvakulturanlegg. Det finst i dag fleire oppdrettsanlegg i kandidatområdet, og endå fleire ligg i randsona utanfor grensa. Vernereglane vil ikkje ha konsekvensar for ordinær drift av desse verksemdene. Nye anlegg og utvidingar av eksisterande anlegg må vurderast etter same kriterier som elles på kysten, og må sjølvsagt vere i samsvar med miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova.

Foto: Statsforvaltaren i Vestland /Gry Walle.

Prosessen for Krossfjorden

Området Krossfjorden, i lag med to andre kandidatområde Ytre Hardangerfjorden og Lurefjorden – Lindåsosane, vart starta opp som verneprosess i februar 2015. Etter oppstart og høyring vart ei tilråding sendt i 2017 frå Fylkesmannen til Miljødirektoratet. Avgrensinga av Krossfjordområdet på kart er justert i løpet av prosessen av omsyn til akvakulturnæringa, det er også gjort endringar og klargjeringar i vernereglane undervegs i prosessen. Verneframlegget ligg for tida i Miljødepartementet i påvente av endeleg avklaring.

Meir informasjon om kandiatområdet finn du i lenkja oppe til høgre. Nyhendesaker og oppdateringar om det enkelte området vert lagt ut på sida verneområde her hjå Fylkesmannen i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.