Koronavirus

Det nye koronaviruset SARS-CoV-2, som kan gi luftvegsinfeksjonen covid-19, vart først oppdaga i Noreg i februar 2020. Dei fleste som blir smitta får berre lette plager, medan dei som er eldre eller sjuke frå før kan få meir alvorleg sjukdom.

Mange kan òg vere smitta utan å ha symptom (asymptomatiske) og difor er det viktig å halde 1 meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og ha god hoste- og handhygiene. I dei tilfella du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre, er det tilrådd med munnbind. Hald deg heime viss du føler deg sjuk og undersøk i din kommune korleis du kan teste deg. Kommunane kan òg ha strengare reglar lokalt enn dei nasjonale. Hald deg oppdatert der du er!

TISK-strategien

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) lagar anbefalingar og rettleiingar til andre offentlege mynde og til befolkninga. I Noreg nyttar vi TISK-strategien (Testing, Isolasjon, Smittesporing, Karantene) for å avgrense og slå ned smitte. Det er kommunane som er lokal smittevernmynde og som har ansvar for TISK-strategien i sin kommune. Tid er smitte, og difor er det svært viktig at kommunen kjem i kontakt med dei innbyggarane dei treng, for at smitten skal haldast på eit lågt nivå. Vi oppmodar difor alle til å svare når kommunen tek kontakt.

Smitte

Covid-19 smittar som ved forkjøling og influensa, ved at viruspartiklar i form av dråper blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person. Hovudsakleg skjer dette ved nær kontakt (under 1 meter), og studiar tyder på at smitterisikoen fell med 80 prosent ved 1 meter avstand. Tida frå smitte til symptom er vanlegvis fem-seks dagar, og du er mest smittsam rett før symptom og dei første dagane med symptom.

Vaksine

I jula 2020 fekk Noreg dei første dosane med koronavaksine, og alle kommunar er no i gang med vaksineringa. Den tar utgangspunkt i ei prioritert rekkefølgje av ulike grupper i befolkninga. Det overordna målet er å redusere alvorleg sjukdom og død i størst mogleg grad. Det er utvikla fleire ulike vaksinar med ulike verkemåtar. I medio januar 2021 er to av desse godkjende for bruk i EU og dermed i Noreg. Dette er vaksinane frå Pfizer/BioNTech og Moderna. Det er venta at fleire vaksinar vil bli godkjende etter kvart. FHI har ansvaret for det norske vaksinasjonsprogrammet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 19.03.2020

Ivaretaking av personar med rus og psykiske lidingar i kommunen under koronavirus

Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiing for korleis kommunen best kan ta vare på dei.


Publisert 18.03.2020

Koronavirus og konsekvens for kvalifiseringsprogrammet

Dersom deltakarar i kvalifiseringsprogrammet ikkje får følgt opp tiltak eller aktivitet i programmet som følgje av pandemisituasjonen, skal dette inntil vidare ikkje føre til at programmet blir stansa, trekk i stønad eller liknande.


Publisert 18.03.2020

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengd grunna koronautbrotet.


Publisert 17.03.2020

Nav må sørgje for at dei som treng sosialhjelp får hjelp

Når Nav-kontora stengjer for publikumsbesøk på grunn av smittefare, så har kommunane ansvar for å oppretthalde tenestene til dei som har behov for stønad til livsopphald.


Publisert 16.03.2020

Telefonmøte med kommunane

Her følgjer referat frå telefonmøte 13. mars mellom Fylkesmannen, kommunane og helseføretaka.


Publisert 16.03.2020

Skule- og barnehagetilbod til barn av føresette med kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdkritisk oppgåve

Tilbod når føresette har kritisk samfunnsfunksjon eller verksomdkritisk oppgåve.


Publisert 16.03.2020

Skule- og barnehagetilbod til barn med særskilte omsorgsbehov

Tilbod for barn og unge med særskilte omsorgsbehov.


Publisert 16.03.2020

Avlysing av eksterne aktivitetar

På grunn av koronasituasjonen avlyser vi alle eksterne aktivitetar fram til 1. august. Vi kjem heller ikkje til å planleggje nye samlingar i denne perioden.


Publisert 14.03.2020

Kontorstadane våre held stengt

På grunn av Covid-19-situasjonen, vil kontora våre i Leikanger, Bergen og Førde vere stengde for publikum fram til 27. mars. 


Publisert 14.03.2020

Smittevernplanane i Vestland er tilstrekkeleg oppdaterte

Kommunane i Vestland har fungerande smittevernplanar. Det viser oversikta vi har laga etter at koronaviruset braut ut i Kina. Vi oppmodar helsetenestene om å følgje med på nettsidene til Folkehelseinstituttet for oppdaterte råd.