Koronavirus

Det nye koronaviruset SARS-CoV-2, som kan gi luftvegsinfeksjonen covid-19, vart først oppdaga i Noreg i februar 2020. Dei fleste som blir smitta får berre lette plager, medan dei som er eldre eller sjuke frå før kan få meir alvorleg sjukdom.

Mange kan òg vere smitta utan å ha symptom (asymptomatiske) og difor er det viktig å halde 1 meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og ha god hoste- og handhygiene. I dei tilfella du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre, er det tilrådd med munnbind. Hald deg heime viss du føler deg sjuk og undersøk i din kommune korleis du kan teste deg. Kommunane kan òg ha strengare reglar lokalt enn dei nasjonale. Hald deg oppdatert der du er!

TISK-strategien

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) lagar anbefalingar og rettleiingar til andre offentlege mynde og til befolkninga. I Noreg nyttar vi TISK-strategien (Testing, Isolasjon, Smittesporing, Karantene) for å avgrense og slå ned smitte. Det er kommunane som er lokal smittevernmynde og som har ansvar for TISK-strategien i sin kommune. Tid er smitte, og difor er det svært viktig at kommunen kjem i kontakt med dei innbyggarane dei treng, for at smitten skal haldast på eit lågt nivå. Vi oppmodar difor alle til å svare når kommunen tek kontakt.

Smitte

Covid-19 smittar som ved forkjøling og influensa, ved at viruspartiklar i form av dråper blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person. Hovudsakleg skjer dette ved nær kontakt (under 1 meter), og studiar tyder på at smitterisikoen fell med 80 prosent ved 1 meter avstand. Tida frå smitte til symptom er vanlegvis fem-seks dagar, og du er mest smittsam rett før symptom og dei første dagane med symptom.

Vaksine

I jula 2020 fekk Noreg dei første dosane med koronavaksine, og alle kommunar er no i gang med vaksineringa. Den tar utgangspunkt i ei prioritert rekkefølgje av ulike grupper i befolkninga. Det overordna målet er å redusere alvorleg sjukdom og død i størst mogleg grad. Det er utvikla fleire ulike vaksinar med ulike verkemåtar. I medio januar 2021 er to av desse godkjende for bruk i EU og dermed i Noreg. Dette er vaksinane frå Pfizer/BioNTech og Moderna. Det er venta at fleire vaksinar vil bli godkjende etter kvart. FHI har ansvaret for det norske vaksinasjonsprogrammet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 24.03.2020

Fristar for miljøovervaking i akvakulturanlegg og koronavirus

Oppdrettsselskap må melde frå til Fylkesmannen, dersom miljøgranskingar planlagde før 1. juni 2020 vert utsett.


Publisert 23.03.2020

Avklaringar som gjeld opplæring og tilbod til elevar med særlege omsorgsbehov

Utdanningsdirektoratet har svart på spørsmål om opplæring og tilbod til elevar med særlege behov.


Publisert 23.03.2020

Barn som bur i utrygge heimar skal framleis få tilbod om barnehage, skule eller anna dagtilbod

Barn under omsorg av foreldre med psykisk liding og/eller rusliding skal framleis få tilbod om barnehage, skule eller anna dagtilbod.


Publisert 23.03.2020

Eit trygt og godt opplæringstilbod når skulane er stengde

Barn under omsorg av foreldre med psykisk liding og/eller rusliding skal framleis få tilbod om barnehage, skule eller anna dagtilbod.


Publisert 20.03.2020

Deltaking i ordningane i introduksjonslova

Kunnskapsdepartementet oppmodar kommunane om å tilby opplæring og program så langt som råd, inntil nødvendige unntaksføresegner er på plass.


Publisert 20.03.2020

Råd om sosial distansering

Sosial distansering er ein måte å avgrense og seinke utbrotet av covid-19. Råda gjeld for befolkninga generelt, dei som er i heimekarantene og dei sjuke som skal vere i isolering.


Publisert 20.03.2020

Pendling til og frå kommunar med lokale vedtak om karantenereglar

Kommunar med lokale vedtak om karantenereglar kan ikkje nekte innbyggjarar utan indikasjon på eller eksponering for smitte og som pendlar over fylkesgrenser, utreise frå kommunen i karantenetida.


Publisert 20.03.2020

Ikkje grunnlag for søndagsopne butikkar på grunn av koronaviruset

Fylkesmannen har avslått ein søknad frå Rema 1000 om mellombels dispensasjon til søndagsopne butikkar på grunn av koronaviruset. For allereie eksisterande søndagsopne butikkar, vart det heller ikkje gitt dispensasjon for at butikkane kan få halde hovudlokala opne.


Publisert 20.03.2020

Ingen foreldre skal betale for barnehage og SFO

Foreldre som mottar tilbod etter unntaksreglane skal heller ikkje betale for barnehage og SFO, så lenge det ordinære tilbodet er stengt grunna konorautbrotet.


Publisert 19.03.2020

Tilbod til barn opp til 12 år

Tilbodet for barn med føresette i kritisk samfunnsfunksjon eller verksomdkritisk oppgåve, skal være for barn opp til 12 år.