Smittevern

Oppdatert 14.03.2023

Godt smittevern er ein føresetnad for å avgrense utbrot og spreiing av smittsame sjukdommar i helsetenesta og samfunnet. Godt smittevern er også avgjerande for å handtere utfordringa med antibiotikaresistens.

Regjeringa har lansert ein handlingsplan for eit betre smittevern. Handlingsplanen skal redusere helsetenesteassosierte infeksjonar og gi betre organisering og struktur av smittevernet i Norge.

Antibiotikaresistens

Antibiotikaresistens er eit veksande problem i verda og er eit alvorleg trugsmål mot global helse. Vi risikerer ei framtid utan effektive antibiotika, der infeksjonar som i dag blir rekna som ufarlege, igjen kan bli eit stort helseproblem og ein hyppig dødsårsak.

Smittevern og infeksjonsførebygging bidrar til å hindre antibiotikaresistens. Høg vaksinasjonsdekning, både i befolkninga generelt og spesielt blant helsepersonell, er eit viktig tiltak.

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å setje i verk smitteverntiltak, og følgjer opp bruken av antibiotika. Statsforvaltaren skal dessutan bidra aktivt for å auke talet på personar som vaksinerer seg mot sesonginfluensa, særleg blant tilsette i helsetenesta. Statsforvaltaren arrangerer kvart år smittevernkonferansar for kommunale leiarar og anna personell i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Pandemihåndtering

Statsforvaltaren har hatt ei sentral rolle i handteringa av koronaepidemien. Vi har nær kontakt med sentrale helse- og beredskapsstyresmakter og kommunar for å informere, koordinere og utarbeide felles køyrereglar for handteringa av pandemien regionalt. Statsforvaltaren har ei viktig oppgåve i å få til god samhandling mellom ulike fagområde og mellom sentrale helsestyresmakter og kommunane.

Vis mer

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 20.03.2020

Pendling til og frå kommunar med lokale vedtak om karantenereglar

Kommunar med lokale vedtak om karantenereglar kan ikkje nekte innbyggjarar utan indikasjon på eller eksponering for smitte og som pendlar over fylkesgrenser, utreise frå kommunen i karantenetida.


Publisert 10.03.2020

Kommunane og legane sitt ansvar etter smittevernlova

Smittevernlova skal verne folk mot smittsame sjukdomar. Lova skal sikre at helsestyresmaktene og andre styresmakter set i verk naudsynte smitteverntiltak og samordnar dette arbeidet.


Publisert 10.03.2020

Informasjon om utbrotet av koronavirus

Her er generelle råd frå helsestyresmaktene og oversikt over informasjonskjelder hjå sentrale styresmakter.


Publisert 14.02.2020

Smittevernplanane i Vestland er tilstrekkeleg oppdaterte

Kommunane i Vestland har fungerande smittevernplanar. Det viser oversikta vi har laga etter at koronaviruset braut ut i Kina. Vi oppmodar helsetenestene om å følgje med på nettsidene til Folkehelseinstituttet for oppdaterte råd.


Publisert 31.01.2020

Informasjon til helsepersonell om handtering av pasient med mistenkt koronavirus

Folkehelseinstituttet har saman med Helsedirektoratet og CBRNE-senteret laga eit informasjonsskriv med konkrete råd til både kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.


Publisert 27.01.2020

Vertktøy for pandemiplanlegging

Helsedirektoratet har laga ei utvida momentliste som kan vere eit nyttig grunnlag for kommunane og helseføretaka når dei skal lage lokalt pandemiplanverk.