Uttale til høyring av revisjonsdokument for Ulla-Førre-reguleringa

Blåsjømagasinet - kjelde: Statskraft Energi AS
Blåsjømagasinet - kjelde: Statskraft Energi AS Foto: Statkraft Energi AS / Statskraft Energi AS.

Meir vatn i enkelte av vassdraga er nødvendig for å betra forholda for fisk og anna liv i vassdraga. Ulla har høgaste prioritet blant vassdraga vi meiner må få auka slepp av vatn. Statsforvaltaren støttar forslaget om eit villreinfond. Det kan brukast til å finansiera utgreiingar og avbøtande tiltak i heile villreinområdet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.01.2022

Statsforvalteren i Rogaland understreker at det ikkje er konkludert og tatt endeleg standpunkt i sakene knytt til flytting av Stavanger turistforening sitt hytte- og løypenett, stenging av anleggsvegen på strekninga Øvre Moen-Oddatjønndammen eller opning av den parallelle tunnelen.

Det er viktig at konsesjonsvilkåra for Ulla-Førre-anlegga vert sett i samanheng med konsesjonsvilkåra for dei andre nærliggande vasskraftanlegga, og at ein vurderer konsekvensar og tiltak for heile villreinområdet under eitt.

Metoden for miljødesign i regulerte laksevassdrag er godt eigna for å finna miljøtilpassa vassføring og tiltak i fleire av dei aktuelle vassdraga i revisjonsdokumentet frå Statkraft.

Auka slepp av vatn er også eit viktig tiltak for å betra økologisk tilstand i dei vasskraftpåverka vassførekomstane.

For Statsforvaltaren i Rogaland har Ulla høgaste prioritet blant vassdraga vi meiner må få auka slepp av vatn.

Vi meiner Statkraft må gjennomføra undersøkingar for å finna status for storauren i Tusso og Kvilldalsåna, identifisera flaskehalsar og finna løysingar basert på miljøtilpassa vassføring og miljødesign.

Metoden for miljødesign i regulerte laksevassdrag må også brukast for å finna miljøtilpassa vassføring og tiltak i Førreåna.

Statsforvaltaren støttar Statkraft sitt forslaget om redusert vårflaum i Suldalslågen, men føresett habitatforbetrande tiltak ved planmessig «ripping» av elvebotnen, og at smoltutvandringa vert ivareteke på ein god måte.

Statsforvaltaren støtter forslaget om eit villreinfond. Vi ser det som viktig at konsesjonsvilkåra for Ulla-Førre anlegga vert sett i samanheng med konsesjonsvilkåra for dei andre nærliggande vasskraftanlegga, og at ein vurderer konsekvensar og tiltak for heile villreinområdet sett under eitt.

Sjå uttale til revisjonsdokument og tillegg i vedlegga.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.