Krise – for klima og natur

Klima, skyer og nedbør
Klimaendringane er her no.

Me må handtere klimakrisa og naturkrisa samstundes. Klimaet er ein del av naturen, og løysinga på den eine krisa kan ikkje gå på kostnad av den andre. 

Publisert 17.02.2022

Me startar no årets andre månad og har framleis 2021 friskt i minne. 2021 var eit år som var litt varmare og dertil litt tørrare enn normalen. Dette er noko me forventar å sjå meir av dei kommande årane om ein ser til Klimaprofil Rogaland. Samstundes har det dukka opp diskusjonar kring utbygging av verna vassdrag, då fjorårets vêr delvis påverka dagens straumprisar. Me vil difor nytte høve til å syna til ein spanande rapport frå FNs Klimapanel (IPPCC) og Naturpanel (IPBES) om korleis me bør handsama klimakrisa og naturkrisa samstundes.  

Krisane kort fortalt 

Klimakrisa inneber blant anna ei auke i temperaturar, og dertil endra nedbør- og tørkeepisodar, samt hyppigare ekstremvêr. Dette gjer tilhøva for menneske og natur meir krevjande, kor me må fokusera på klimaomstilling. Klimaomstilling set større krav til løysningar for klimatilpassing, som til dømes handtering av flaum, og krav til klimagassreduksjon som at energiproduksjonen må bli meir grøn og berekraftig. For klimaendringar er ikkje berre noko som skjer uti verda, klimaendringane skjer også i Noreg i dag.  

Naturkrisa synar korleis naturmangfaldet har vore og framleis er i ei drastisk endring. Artar og naturtypar blir naturlegvis påverka av klimaendringane, nokon positivt, men dei fleste negativt. Ulikt tidlegare tiders klimaendringar må artar no også handtere konsekvensane frå menneskeskapte endringar som arealbeslag- og endringar, jakt, forureining og framande artar. Dette gjer at fleire artar og naturtypar i Noreg blir rekna som truga enn før 

Desse to heng saman og ein velfungerande natur vil hjelpe oss med å handtera klimaendringane, jf. Klima- og Miljødepartmentet 

To tankar i hovudet samstundes 

Menneske er av natur meir opptekne av det som skjer her og no, enn noko som truleg skjer ein dag i framtida. Ein del av ansvaret me har her hjå Statsforvaltaren er å leggje til rette for at ein planlegg for framtida, og ikkje berre let seg rive med behova ein sit med no.  

Me må gjere fleire tiltak som ein del av klimaomstillinga, det vere seg ivareta og restaurere karbonrike areal, bli meir energieffektive og produsere meir grøn energi. Rapporten frå Klima- og Naturpanelet gjev døme på korleis energiproduksjonen i framtida bør vere for å ivaretake flest mogleg samfunnsinteressa. Ein vet at energibehovet i verda vil auke dei neste åra, og kor viktig det vil vere at denne energiproduksjonen er “grøn og rein”. Noko som også er tydeleg i dagens nyhendebilete. Men eit snevert fokus på å klimatiltak vil som regel ha negative konsekvensar for naturmangfald, sjå figur 1. Det være seg at energiproduksjon som vindmøller, eller utvinning av minerala som auke energieffektiviteten gjerast på areal viktig for naturmangfald.

IPBES/IPCC

Figur 1. Konsekvensane om ein jobbar ut frå auke av energiproduksjonen og annan klimatilpassing, vil som regel vere negativt (raude liner) for naturmangfaldet, medan tiltak som til dømes ivaretek eksisterande karbonlager er positive (blåe liner). 

Om ein snur på det, og fokusere på å betre høva for naturmangfaldet vil dei fleste tiltaka også vere positive for klimaet, sjå figur 2Slik at ved å fokusere på å betre høva for naturmangfaldet så vil ein innfri fleire av behova me har som samfunn. Døme på dette vil for eksempel vere ivaretaking av naturlege karbonlagernaturbaserte løysingareller at havbasert vindkraft framfor landbasert ofte har færre negative og nokon positive konsekvensar for naturmangfaldet. 

Andre eksempel kan også sjåast i Miljødirektoratet sin vurdering av FN-rapporter på temaet sin relevans for Noreg.  

IPBES/IPCCFigur 2. Konsekvensane om ein jobbar ut frå å betra høva for naturmangfaldet vil vere positivt (blå liner) for de fleste behova med har for klimatilpassing. 

Og samfunnet elles? 

Samstundes med natur- og klimakrise har me også mål for samfunnet. Desse er mål ein jobbar mot for å redusere ulikheit og betre levevilkåra for menneskje. Desse måla oppsumeras i FNs Berekraftsmål, sjå figur 3Rapporten frå Klima- og Naturpanelet syner korleis dagens kunnskapsgrunnlag tilseier at ein bør jobba for å betre høva for livet på land, livet i vann og gjer klimatiltak. Gjer ein det så vil det ha positive ringverkingar for mål som mindre ulikheit, fattigdom og svolt, innovasjon og infrastruktur og helse.  

IPBES/IPCC

Figur 3. Samspela mellom berekraftsmåle er oftare positivt om ein fokuserar på klimatiltak, livet i land og livet på land. Til venstre: konsekvensane for andre berekraftsmål om ein fokusera på klimatiltak, livet på land og livet i vann (grøne liner: synergiar, raude liner: avveinnger/risikoer, blå liner: ukjent/neglisjerbart). Til høgre: konsekvensar for livet på land og vann, og moglegheita for å stoppe klimaendringane om ein fokuser på andre berekraftsmål. Ein kan sjå andre synergiar og avveiingar i denne rapporten frå 2017. 

Flest mogleg mål oppnåes gjennom samarbeid. Sektorsamarbeid og koordinering av politikk framhevast av både naturpanelet og klimapanelet, som sentralt for å oppnå dei store samfunnsendringane naudsynt for å adressere både klima- og naturmangfaldutfordringane. Dette er avhengig av at me fortsette å jobba for auke i forståing og deltaking i alle prosessar kor natur er involvert.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.