Garnfiske i sjø

Det er i utgangspunktet forbode å fiske etter laks eller sjøaure med garn. Ved fiske i sjøen er det ei plikt å setje garnet slik at det ikkje fangar laks eller sjøaure. Om ein skulle kome til å fange anadrom laksefisk i garn tiltenkt fangst av saltvassfisk, skal fisken sleppast ut att uansett om han er daud eller levande.

Nedsenking av garn

Frå 1. mars til og med 30. september skal alle garn innanfor ein avstand på 40 meter frå land, øy, holme eller skjær, målt ved fjøre sjø, senkast ned slik at heile fangstdelen står minst 3 m under havoverflata til ei kvar tid. Utanfor 40 meter gjeld dette påbodet berre for garn med maskevidde større enn 32 mm. Det er i tillegg eigne reglar for garnfiske i forbodssoner og fredningssoner utanfor vassdrag.

Forbodssoner og fredningssoner

I Rogaland er det innført forbodssoner og fredningssoner utanfor et rekkje vassdrag. Sonene er skilta. Forbodssonene og fredningssonene er fastsett i forskrift om fredningssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland og kartfesta i vår kartportal Temakart Rogaland.

Innanfor forbodssonene i Rogaland er alt fiske forbode heile året. Det er forbodssoner utanfor vassdraga Imsa, Figgjo og Sokndalselva.

Innanfor fredningssonene i Rogaland skal alle garn, uansett maskevidde, senkast slik at heile garnet til ei kvar tid er minst 5 meter under havoverflata i perioden 15. april til 15. oktober. Ingen fastståande reiskap kan setjast nærare enn 100 meter frå grense elv/sjø i fredningssonene.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.