Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Bruk av stang og handsnøre i sjø

Fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå båt og land er lov heile året i Rogaland, med unntak av vårfredninga i Ryfylke 1. mars - 31. april og dei særskilte reglane for fiske i elvemunning, fredningssoner og forbodssoner utanfor vassdrag.

Vårfredning i sjø

Fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå båt og land er ikkje tillate i Ryfylkefjordane frå 1. mars til og med 30. april. Forbodet er innført av omsyn til dei svake bestandane av sjøaure i Ryfylke. Forbodet gjeld i Ryfylkefjordane innanfor ei linje mellom Tungenes og Kårstø, unntatt i Lysefjorden innanfor Lysefjordbrua og Skjoldafjorden nord for Borgøyna.

Vårfredninga er fastsett i nasjonal forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i sjøen, § 2 og kartfesta i vår kartportal Temakart Rogaland.

image8eh37.png

Sjå kart over med område omfatta av forbodet mot fiske etter laks og sjøaure i perioden 1. mars til og med 30. april. 

Forbod i 100-meterssona utanfor vassdrag

Fiske i 100-meterssona utanfor vassdrag er regulert i nasjonal forskrift om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i sjøen, § 3.

Utanfor vassdrag med bestandar av anadrome laksefisk som er omfatta av vedlegg I eller II i forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag, er alt fiske etter anadrome laksefisk og saltvannsfisk forbodet i område som strekkjer seg 100 meter frå grensa elv-sjø (elvemunning) og ut i sjøen (100-metersona).

Unntatt frå dette er fiske etter anadrome laksefisk med stang og handsnøre frå land, i den tida det er opent for fiske etter den aktuelle arten av anadrome laksefisk i vassdraget, i medhald av forskrift gitt med heimel i lakse- og innlandsfiskloven. Fiske etter saltvannsfisk tillatast på same vilkår i den tida det er opent for fiske etter anadrome laksefisk i vassdraget.

Kvotebestemmelser for det aktuelle vassdraget, gjelder og for fiske etter anadrome
laksefisk i 100-metersona. Dersom lokal forvaltning i vassdraget, etter midtsesongevaluering av fiske, innfører tiltak som stenger fisket, utvidar fisketida, innfører kvotebestemmelser eller innfører andre forhandsbestemte tiltak i vassdraget, gjeld desse bestemmelsene og for fiske etter anadrome laksefisk i 100-metersona.

I Rogland er det ikkje opna for fiske etter sjøaure i mange vassdrag av omsyn til dei svake bestandane. Dette betyr at alt fiske etter sjøaure er forbode heile året i 100–meterssona utanfor dei fleste vassdraga i fylket. Det er berre opna for fiske etter sjøaure i 100-meterssona utanfor Lyseelva, Ogna og Fuglestadåna i fiskesesongen for desse vassdraga.

Forbodssoner

I Rogaland er det innført forbodssoner utanfor tre vassdrag. Forbodssonene er fastsett i forskrift om fredningssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland og kartfesta i vår kartportal Temakart Rogaland.

Innanfor forbodssonene i Rogaland er alt fiske forbode heile året. Det er forbodssoner utanfor vassdraga Imsa, Figgjo og Sokndalselva.

Fredningssoner

I Rogaland er det innført fredningssoner utanfor ei rekkje vassdrag. Fredningssonene er fastsett i forskrift om fredningssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland og kartfesta i vår kartportal Temakart Rogaland.

Innanfor fredningssonene i Rogaland er det særskilte reglar for bruk av reiskap i perioden 15. april til 15. oktober. Dette fremgår av forskrift om fredningssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland.

Frå grensa mellom elv og sjø og ut til ein avstand på 100 meter er det lov å fiske med stang eller handsnøre etter anadrome laksefisk frå land i den tida det er ope for fiske etter laks eller sjøaure i tilhøyrande vassdrag. Her er det òg lov å fiske med stang eller handsnøre etter saltvannsfisk frå land den tida det er ope for fiske i tilhøyrande vassdrag.

Om det ikkje er opna for fiske etter sjøaure i tilhøyrande vassdrag er det heller ikkje tillat å fiske sjøaure i denne 100-meterssona. Sjå og reglane beskrive for 100-meterssona i nasjonal forskrift ovafor.

Utanfor ein avstand på 100 meter frå grensa mellom elv og sjø til yttergrensa for fredingssona er det lov å fiske med stang eller handsnøre frå land og båt etter anadrome laksefisk og saltvannsfisk heile året, med unntak av den generelle vårfredninga av sjøaure og laks i perioden 1. mars – 31. april i Ryfylke fjordane.

imageb73va.png

Reiskap

I tillegg til dei agntypane som er tillat for fiske med stang og handsnøre i ferskvatn, er det i sjøen òg tillat med anna agn, som t.d. brisling og reke.

Ved fiske frå land er det tillat å nytte ei stang eller eitt handsnøre pr. person. Det er tillat med inntil 2 agn pr. stang eller handsnøre. Ved fiske frå båt er det tillat å bruke 2 reiskap (stang eller handsnøre) pr. båt, men berre eitt agn pr. reiskap.

Fiskeavgift

For fiske etter laks og sjøaure i sjøen med stang og handsnøre er det ikkje naudsynt å betale fiskaravgift.