Urbant landbruks-nettverk i Stavanger

Mik van den Brink er masterstudent ved Universitetet i Stavanger og jobbar som praktikant i avdelinga for park- og natur i Stavanger kommune.

Han skriv ei oppgåve om korleis kommunen kan vere ein pådrivar og eit bindeledd for urbant landbruk i byen.

Publisert 24.01.2024

Mik skal i løpet av våren halde tre verkstader for å bygge eit nettverk for urbant landbruk i stavanger.

Målgruppe: 

Organisasjonar og enkeltpersonar som ynskjer å starte med lokal matdyrkning, eller som prøver å få tilgong til lokal mat i og rundt Stavanger.

Målet med prosjektet:

Å få ei oppklaring om kva urbant landbruk betyr i Stavangerkontekst. Tenkje på kva deltakarane ynskjer å oppnå fram mot 2050, og kome med konkrete tiltak for å oppnå dette i framtida kor me forhalder oss til dei nåværande begrensningane.

Gjennom verkstadsprosessen får folk også mogelegheit til å bli kjent med kvarandre, som er viktig for å bygge eit nettverk. Altså vil nettverket vil bli eit biprodukt av eit vellykket verkstad.

Planene for dei neste månadene:

Dei neste månadene skal Mik organisere tre verkstader.

Fyrste verkstad er 31. Januar frå 12:00 til 15:00 og det skal handle om å bli kjent med kvarandre og at me ser kritisk på den urbane landbrukkonteksten i Stavanger. På dette verkstadet kan me tenkje på kva urbant landbruk betyr for kver av oss og kva som gjer det vanskeleg å dyrke/få tilgong til mat lokalt.

Andre verkstad vil vere 6. Mars mellom 12:00 til 15:00. Det handlar om å skissere utopiske idear om korleis me på best mogleg vis kan løyse problemane. I dette verkstadet ignoreres verkeligheita foreløpig med mål om å styrke kreativ og fantasifull tenkning om korleis me kan forbedre lokal matdyrking fram mot 2050.

Det siste verkstadet er 3. April mellom 12:00 til 15:00. Dette handler om å utforske og planleggja korleis me kan transformere våre visjonære idear til realiserbare endringar.

Her er også ein lenke til UL-nettverket si Facebookside kor Mik skriv oppdateringar, og kor du kan kome i kontakt med andre i UL nettverket:

Urbant Landbruk Stavanger Nettverk | Facebook

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner