Med hjarte for landbruk i sentrum av Sauda

May Kristin Lofthus vann juletre frå ein lokal produsent og lokalmat i premie i fotokonkurransen Mangfaldig landbruk. Her i saman med far Karl Gustavd Lofthus og kyrne i det nye trefjøset i Sauda.
May Kristin Lofthus vann juletre frå ein lokal produsent og lokalmat i premie i fotokonkurransen Mangfaldig landbruk. Her i saman med far Karl Gustavd Lofthus og kyrne i det nye trefjøset i Sauda. Foto: Birgit S. Hagalid.

May Kristin Lofthus har hatt interesse for gardsdrift heilt frå ho som born fekk vere med til heis med kyrne. Omgitt av husdyr og vakker natur tek ho mykje bilete, og to av dei kom heilt til topps i fotokonkurransen «Mangfaldig landbruk». No legg ho planar for si eiga gardsdrift i Sauda.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.12.2020

Ho og far Karl Gustav Lofthus driv kvar sin gard, han med ammekyr og ho med sauer på garden som ho forpaktar av bestefar like over grensa til Suldal kommune. Garden som far driv i sentrum av Sauda har vore i familien sidan 1880, men det var på nippet at ikkje slekta hamna på andre sida av Atlanteren. Tippoldefar til May Kristin var klar for reisa til Amerika, men like før avreise råda lensmannen han til å besøka enka på garden i Sauda. Det vart eit hyggleg besøk, og på garden blei han.

Det viktigaste er at ein trivst med arbeidet på garden, seier både May Kristin Lofthus og far hennar.
Det viktigaste er at ein trivst med arbeidet på garden, seier både May Kristin Lofthus og far hennar. Foto: Birgit S. Hagalid.

Det er likevel ikkje her May Kristin skal drive vidare. Å drive midt i eit bysentrum kan vere utfordrande, og no har far kjøpt tomt litt ovanfor sentrum som May Kristin etter kvart skal overta. Der har dei sett opp nytt fjos og ammekyrne av rasen Limousin flytta inn tidlegare i år. I saman med dei står også tre kyr av rasen Angus som blei med heim etter den tradisjonelle familieturen til Dyrskuen i Telemark. Om sommaren beitar dei i Åbødalen på omkring 800 meter over havet. Her gjer dei jobben med å halde landskapet opent og utnyttar dei store beiteressursane som finst i Sauda. Det er viktig i eit område med avgrensa tilgong på dyrka mark.

Det var også i Åbødalen May Kristin tok biletet som nådde heilt opp i fotokonkurransen. Ho fortel at kyrne veit akkurat kvar dei skal når dei slepp dei på sommarbeitet i juni, dei er ikkje vonde å be. Likeins har dei god fart på vegen heim att i oktober og er klare for foring og stell gjennom vinteren.

Fjøset i Sauda har reisverk i tre og bakvegg av gjenbruksmateriale.
Fjøset i Sauda har reisverk i tre og bakvegg av gjenbruksmateriale. Foto: Birgit S. Hagalid.

Spanande vinter i nytt fjøs

Og no blir det altså foring i nytt fjøs. Med reisverk i tre, veggar av gjenbruksmateriale frå ein gammal scene, og open løysing er det ikkje eit heilt vanleg fjøs. Karl Gustav gjekk for trebygg fordi det er eit naturleg og lunt materiale som gir godt miljø for dyr og folk. Då han var med på å rive ein gammal scene såg han nytta i den som bakvegg og fekk den med seg heim. Begge er spente på den fyrste vinteren med opent fjøs, og kyrne er uklypte for at dei skal vere godt forberedt. Den opne veggen gjer arbeidskvardagen enklare med foring og stell. Men dei har også lagt til rette for at dei enkelt kan sette opp ein vegg om det skulle vise seg at ordninga ikkje passar dei og dyra. Foreløpig kan kyrne nyte utsikten over Sauda mens dei drøvtygger på silo og minner om gode dagar i Åbødalen. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.