Vellykka markdag om fangvekstar og verdens matevaredag

Deltakarane på markdagen sjår på rug og raigras sådd som fangvekst etter hausting av potet Foto: Tonje Rostad Solhus.

Ein vellykka markdag om fangvekstar sett oppmerksam på miljøtiltak i landbruket som kan verne om ein livsviktig, men avgrensa ressurs, nemleg vatn. Markdagen blei arrangert på same dag som verdens matvaredag, der årets tema er vatn. Fangvekstar er eit godt miljøtiltak for å redusere næringsavrenning til vatn, dette vil vere med på å redusere forureining av vatn og forbetre vasskvaliteten.

Publisert 19.10.2023

Vellykka markdag om fangvekstar

Måndag 16. oktober arrangerte Statsforvaltaren ein markdag om fangvekstar saman med NLR og Felleskjøpet. Temaet for dagen var fangvekstar, tilskot som gis, og kvifor ein skal så fangvekstar og korleis ein gjer det i praksis. Det var godt oppmøte på markdagen, med 25 deltakarar som besto av både gardbrukarar og tilsette i kommunar.

Arne Vagle frå Norsk landbruksrådgivning (NLR) fortalte om kvifor ein skal ska ta i bruk fangvekstar, og ulike måtar ein kan gjere det på. Det ble en god dialog mellom deltakarane om fordeler og ulempa med fangvekstar.

Geir Paulsen frå Felleskjøpet fortalt om deira sortiment når det gjeld såfrø til fangvekstar, og kva for typar fangvekstar som egnar seg til ulikt bruk. Her hadde fleire deltakarar gode innspel og det blei ein god dialog der dei delte sin erfaring på området.

Tonje Solhus og Monica Dahlmo frå Statsforvaltaren informerte om tilskotsordingen regionalt miljøprogram, og om tilskot som gis fangvekstar. 

I tillegg besøkte me to gardbrukarar i nærleika. Fyrst besøkte me Enok Aleksander Kvam som har sådd rug og raigras etter hausting av potet. Deretter besøkte me Tore Wølstad som har sådd raigras i dråg i kornåkeren sin. Gardbrukarane viste fram åkerane sine og fortalte om sin erfaring med fangvekstar, kva som fungerte og kva som ikkje fungerte like godt. Deltakarane kom med gode spørsmål og delte sin erfaring. 

Statsforvaltaren vil takke for det gode oppmøte og deltakelsen på markdagen.  

Verdens matvaredag

16. oktober er óg verdens matevaredag. Målet med denne dagen er å skape oppmerksemd på behovet for å skaffe alle tilstrekkeleg og næringsrikmat, som samsvarar med FNs berekraftsmål 2 – utrydde sult. Dette berekraftsmålet skal fremme berekraftig landbruk, oppnå mattryggleik, og brødfø verdas befolkning. For å kunne nå dessa måla er det vitkig at dei ressursane som trengs for å kunne produsere mat bevarast. Difro må miljøet og naturen rundt matproduksjonen vernast om. 

I år er temaet for verdens matvaredag vatn. Vatn er ein livsviktig, men avgrensa ressurs som må bevarast. Vassressursane må tas i bruk på ein berekraftig måte. Mangel på vatn truar matproduksjonen i fleire land, dette truar deira mattryggleik.

Hålandsvatnet

Sidan markdagen vert arrangert ved Hålandsvatnet, var også det eit tema for diskusjon. Prosjektleiar Margit Reiersen sjå Statsforvaltaren fortalte om Prosjekt Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet.

Hålandsvatnet er eit vatn som ligg på grensa mellom Stavanger og Randaberg kommune. I motsetning til andre vatn i Rogaland har ikkje Hålandsvatnet vist ei forbetring i vasskvalitet dei siste åra, difor må ein leite etter tiltak som kan forbetre vasskvaliteten her. Forureining har peikt seg ut som ein av årsakane til denne negative utviklinga.

Prosjekt Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet arbeidar med å finne tiltak som kan gjere noko med denne forureininga. Næringsavrenning frå landbruket er ein av problemstillingane dei arbeidar med. Her kjem fangvekstar og grasdekte soner i åkeren inn som gode tiltak som vil redusera næringsavrenninga. Gardbrukarane ved Hålandsvatnet gjer ein god jobb med å forbetre vasskvaliteten med å ta i bruk tiltak som blant annet fangvekstar, grasdekete soner og kantsoner til vatnet. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.