Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2022

Statsforvaltaren ønsker velkomen informasjonstiltak som får fram verdien av husdyrgjødsla i Rogaland
Statsforvaltaren ønsker velkomen informasjonstiltak som får fram verdien av husdyrgjødsla i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland har 600 000 kr frå klima- og miljøprogrammet til å støtte regionale prosjekt i 2022. Frist for å søkje er 15. mars.  

Publisert 07.02.2022

Regionale prioriteringar

Søknadar som støttar strategiar i Regionalplan landbruk og Regionalt bygdeutviklingsprogram kan få støtte. I 2022 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats for redusert tap av næringsstoff til sårbare vassdrag
  • Prosjekt som styrker klimavenleg driftspraksis i jordbruket
  • Prosjekt innan følgjande tema:
    • Informasjonstiltak om rett og god bruk av husdyrgjødsel
    • Informasjon- og mobiliseringsstiltak om on site- målingar av næringsverdi av husdyrgjødsel og biorest. 
    • Kartlegging av avdrift frå spreiing av husdyrgjødsel med gjødselkanon. 
    • Kartlegging av effekt av vipetiltak. Til dømes effekten av bruk av vipediskar ved miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel og effekten av vipestriper i regionalt miljøprogram

Statsforvaltaren kan støtte inntil 70 prosent av den totale kostnadsramma for prosjektet, og vi viser til retningslinjene for ordninga.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.