Snart tid for å sette av "vipestripe"

Snart er det tid for å sette av ei "stripe for vipe". Over 50 bønder meldte i haust interesse for å vere med på ordninga i Regionalt miljøprogram. Fristen for å jordarbeide er eigentleg 20. mars, men vi må sjå an korleis vêret og forholda blir framover. Fristen kan difor bli utsett.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.03.2021

Vipa hekkar tidleg, i april – mai, og legg egg rett på bakken. Ho liker opne areal, gjerne jordarbeidde område der ho både finn mat og lett kan oppdage rovdyr og fuglar som vil ta egga. I 2019 blei det innført tilskot til "vipestripe" i regionalt miljøprogram for å sette av mindre areal til vipa. 

Førebels tilskotssats er 800 kr per dekar

Tilskotet blir gitt for å jordarbeide ei sone som ligg ved/inntil eit opent område som t.d. innmarksbeite, myr, open fastmark o.l. Jordarbeidinga må vere gjort før 20. mars, og sona må få ligge urørt fram til 1. juni. Det må minimum settast av 2 dekar, og det blir ikkje gitt tilskot for meir enn 20 dekar. Sona må vere i eit område som i utgangspunktet er attraktivt for vipe.

Dei som vil vere med på ordninga i 2022 må seie ifrå til kommunen/Fylkesmannen før 15. oktober 2021. På den måten kan forvaltninga følge opp og vurdere om ordninga fungerer etter intensjonen. Det er uforpliktande å melde ifrå. Du søkjer på tilskotet hausten etter at du har hatt vipestripa, og fører då på kor mange dekar du har hatt + teikner inn arealet i kartløysninga. Når du søkjer er namnet på ordninga " tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl, høg tilrettelegging". Vi håper vi får høve til å invitere dei som er med på ordninga til regionale samlingar slik at vi kan høyre om deira erfaringar. 

Ein del av regionalt miljøtilskot

Tilskot til vipestripene er eit av dei regionale miljøtilskota som inngår i Regionalt miljøprogram i Rogaland. Du søkjer på vipeordninga samtidig som du søkjer tilskot til bratt areal, turstiar, miljøvenleg gjødselspreiing m.fl. Søknadsfristen er 15. oktober, og det er dei som driv vanlig jordbruksproduksjon som kan søkje. Dei som har berre har hobbybruk og hagar får ikkje regionalt miljøtilskot.  

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.