Spreiefrist 10. august - tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing

Rekk du ikkje å spreie husdyrgjødsla innan fristen, må du hugse å søke om dispensasjon.
Spreiefristen for miljøvenleg gjødselspreiing gjennom Regionalt miljøprogram (RMP) nærmar seg, og veret vi har hatt i år tilseier at det store fleirtal har køyrd ut gjødsla etter 2. slåtten. For dei som ikkje har køyrd ut gjødsla enno, kan veret denne veka gjera spreiing krevjande. Dersom du skal spreie seinare enn 10. august, må du ha ein dispensasjon frå regelverket dersom arealet skal gi grunnlag for regionalt miljøtilskot.
Statsforvaltaren kan ikkje gi generell utsetting av spreiefrist ut frå lokale, klimatiske tilhøve. Dei som har utfordringar med å få køyrd ut gjødsla innan fristen, kan søke om dispensasjon frå frist. Dei må då ta kontakt med landbruksforvaltninga i sin kommune, som igjen vil sende søknaden vidare til Statsforvaltaren med ei tilråding. Søknaden må innehalde informasjon om:
- namn, organisasjonsnummer, gardsnummer og bruksnummer
- tidspunkt for 1. og 2. slått
- kva areal søknaden gjeld for
- årsak til søknaden