Endelege satsar for regionalt miljøtilskot 2025

Pollinatorsone. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Så godt som heile potten på 87,3 millionar kroner er brukt opp til miljøtiltak i jordbruket.

Publisert 30.01.2026

Statsforvaltaren har i samråd med styringsgruppa for "Regionalt miljøprogram - RMP" og "Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL" fastsett dei endelege satsane for regionalt miljøtilskot i 2025.

Dei økonomisk rammene for RMP var for søknadsomgangen 2025 på 87,3 millionar kroner. Justering av satsane gjer at 100 prosent av dei økonomiske rammene for RMP blir brukt opp i søknadsomgangen 2025 med eit forbruk på 86 905 526 kroner.

I botnen av denne artikkelen og i vedlegget til høgre kan du sjå dei endelege satsane fastsett av styringsgruppa i RMP og SMIL for søknadsomgangen 2025.

Utbetaling

I søknadsomgangen 2025 har kommunane førebels godkjende 2099 søknadar om regionalt miljøtilskot i Rogaland. Landbruksdirektoratet utbetaler tilskotet 13. mars 2026. Det blir ikkje sendt ut tilskotsbrev på papir, men søkjarar finn vedtaksbrevet i "Min meldingsboks" i Altinn. Søkjarane får varsel om brevet på e-post eller SMS.  

Klage på vedtak om utbetaling

Søkjarar som vil klage på vedtak om utbetaling av regionalt miljøtilskot må gjere det innan tre veker frå tilskotsbrevet er mottatt. Klagen skal dei rette til sin kommune. Dersom kommunen ikkje tek klagen til følgje, går saka vidare til Statsforvaltaren som er klageinstans for vedtak fatta av kommunen. 

Endelege satsar RMP søknadsomgangen 2025

Tabell 1: Oversikt over RMP tiltak og dei endelege satsane fastsett av styringsgruppa i RMP og SMIL

Tiltak

Endeleg sats 2025

Kulturlandskap

 

Drift av bratt areal

 

Fulldyrka og overflatedyrka (1:5 og 1:3)

175 kr per dekar

Innmarksbeite (1:5 og 1:3)

155 kr per dekar

Beiting av verdifull jordbruksareal i innmark

 

 

500 kr per dekar

Drift av beitelag

 

 

25 kr per dyr

Biologisk mangfald

 

Slått av slåttemark og slåttemyr

 

 

2000 kr per dekar

Beiting av kystlynghei

 

Svært viktig

70 kr per dekar

Viktig

40 kr per dekar

Lokalt viktig

10 kr per dekar

Brenning av kystlynghei

 

 

400 kr per dekar

Skjøtsel av biologisk verdifull areal

 

 

300 kr per dekar

Skjøtsel av trua naturtypar

 

 

500 kr per dekar

Skjøtsel av styvingstre

 

 

600 kr per tre ved styving

Soner for pollinerande insekt

 

Eiga stripe, generell frøblanding

50 kr per meter

Eiga stripe, regional frøblanding

70 kr per meter

Tilgrensande kantsone

70 kr per meter

Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl

 

Vipestripe (Høg tilrettelegging)

900 kr per dekar

Våtmarksbeiting (Låg tilrettelegging)

500 kr per dekar

Tilrettelegging for grupper av hekkande viper

 

Eng-/kornproduksjon

2000 kr per reir

Potet- og grønsaksproduksjon

3000 kr per reir

Kulturminner og kulturmiljø

 

Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

 

 

100 kr per dekar

Skjøtsel av enkeltståande automatisk freda kulturminne

 

 

500 kr per gravminne

Drift av seter

 

4-6 veker

120 000 kr per seter

6 eller meir veker

140 000 kr per seter

Friluftsliv

 

Vedlikehald av turstiar i jordbrukslandskapet

 

 

8 kr per meter

Avrenning til vatn

 

Grasdekt kantsone i åker

 

Korn

35 kr per meter

Potet/grønsaker

55 kr per meter

Kantsone i eng

 

Prioriterte områder

25 kr per meter

Andre områder

10 kr per meter

Grasdekte vassvegar og grasstripe i åker

 

Korn

35 kr per meter

Potet/grønsaker

55 kr per meter

Utslepp til luft

 

Nedfelling av husdyrgjødsel

 

 

80 kr per dekar

Nedlegging av husdyrgjødsel

 

 

80 kr per dekar

Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange

 

 

50 kr per dekar

Jord og jordhelse

 

Fangvekst som underkultur

 

 

300 kr per dekar

Fangvekst sådd etter hausting

 

 

300 kr per dekar

Spreiing av biokol

 

 

15 kr per kg

Klimarådgiving og miljøavtaler

 

Klimarådgiving

 

To-til-ein rådgiving

9500 kr

Ein-til-ein rådgiving

7500 kr

Grupperådgiving

5500 kr

Miljøavtale

 

Trinn 1

100 kr per dekar

Trinn 2

95 kr per dekar

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.