Mål om auka sjølvforsyning

Grønnsaksproduksjon på Tasta
Foto: Anfinn Rosnes.

Regjeringa la 8. mars fram ein strategi for korleis Noreg skal auke sjølvforsyninga av jordbruksprodukt til 50 prosent. Samstundes blei det lagt fram ein plan for opptrapping av inntekta i jordbruket.

Publisert 14.03.2024

Strategi og plan kjem fram av Stortingsmelding nr. 11 (2023-2024), som blei godkjend i statsråd 8. mars. Auka matforsyning bygg i hovudsak på auka norsk produksjon av mat og fôr, og her har Rogaland gode vilkår for å bidra.

Auka sjølvforsyning viktig del av beredskapen

Av stortingsmeldinga kjem det fram dei globale utfordringane gjer eigen matproduksjon til ein viktig del av beredskapen, noko som m.a. kjem fram av rapport frå totalberdeskapskommisjonen. Dette blei også tema under  Landbrukskonferansen 4. mars.

Rogaland må bidra med meir grønt

Rogaland blir omtalt som eit matfylke, og vi er særleg store innan husdyrproduksjon. Vi er også mykje omtalt som eit beite- og grasfylke, og aktiv bruk av beiteareal er særs viktig for sjølvforsyninga. Jo meir grovfôr dyra hentar frå innmarks- og utmarksbeite, jo meir av dei beste areala kan vi nytte til auka grøntproduksjon. Rogaland har særs gode vilkår for auke i grønsakproduksjon, og å vidareutvikle vår dominerande rolle innan veksthusproduksjon. Norskprodusert del av grønsaker på energibasis er redusert frå 72 prosent i 1979 til 49 prosent i 2022. Rogaland har i dag berre 14 prosent av den norske produksjonen av grønsaker på friland, og klima og jordsmonn tilseier potensial for høgare del. Ein auke føreset at alle ledd må bidra, og her er det særleg viktig at nye produsentar blir sikra leveringsavtalar.   

Ny gjødselvareforskrift skal gjelde frå 1. januar 2025

I meldinga er det peika på at landbrukspolitikken har sikra landbruk i heile landet, samstundes som kanaliseringspolitikken har ført til mye husdyrgjødsel i enkelte område. Det er opplyst at regjeringa tek sikte på at ny gjødselvareforskrift skal gjelde frå 1. januar 2025. Rogaland har om lag 30 prosent av dei kraftfôrbaserte dyreslaga, og slik sett blir Rogaland ein viktig del av tematikken om å auke norskprodusert del av kraftfôret. Det blir framleis viktig å produsere fôrkorn i dei område som har best vilkår for dette, og klima- og strukturtilhøva gir Rogaland lite rom for auke. Løysinga er ikkje å redusere dyretalet i Rogaland, og det er heller ikkje nemnt som eit tiltak.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.