Matforsyning viktig del av beredskapen

Matforsyning og beredskap var hovudtema på landbrukskonferansen 4. mars. Regiondirektør i NHO Tone Grindland, medlem av Totalberedskapskommisjonen, framheva landbruket si rolle i beredskapen.  

Publisert 07.03.2024

Grindland starte sitt innlegg med å fortelje om morfaren som dreiv med høner, og at han alltid var redd for straumbrot. Dette som eit bilete på at ting heng saman, og at dyrehald er ikkje blitt mindre komplisert over tid. Teknologisk utvikling gjer oss meir avhengig av fleire faktorar.  

Komplekst utfordringsbilete alle må tenke beredskap

Vi står føre meir komplekse utfordringar enn på lenge, og det er viktig å tenke beredskap i alle ledd. Våre naboland har hatt meir fokus på dette, og vi har m.a. noko å lære om beredskap i vår eigen heim. Dette med å sikre eige matlager for ein periode.

Vi må ha eit meir robust beredskapssystem

Grindland peika på at eit robust beredskapssystem er kjenneteikna av kor motstandsdyktige samfunnet og folket er, mot alle former for fare i heile krisespennet. Det er viktig å styrke lokalt og regionalt nivå, og her har Statsforvalteren ei viktig rolle. Samstundes er privat sektor viktig, særleg i Rogaland der 73 % av sysselsettinga er i privat sektor. Her inngår det meste av matsektoren. For husdyrfylket Rogaland er infrastruktur særs viktig, dette med sikker forsyning i alle delar av fylket.

Staten ber nå om tilbod på beredskapslager for korn

På same dag som vi arrangerte landbrukskonferansen blei det informert frå regjeringa at staten nå ber om tilbod på beredskapslagring av korn, i første omgang dei første 30 000 tonn matkveite. Dette stadfester auka fokus på nasjonal beredskap på matsektoren. Kan det vere at kornsiloane i Stavanger er aktuelle for dette?  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.