Kortreist på bordet

Mange gode, lokale råvarer og ferdigprodukt frå Suldal og omegn blir løfta fram av Suldalsposten. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.10.2020

Produksjonen og produkta speglar ressursane som finns i Indre Ryfylke. Mykje har utgangspunkt i dei rike utmark- og beiteressursane, men her finns òg frukt, honning og egg.

Søke gamalt – skape nytt

Kortreist mat på bordet handlar også om identitet og om dei som bur og jobbar i Indre Ryfylke. Dei som veit kor viktig det er å ta vare på gamal kunnskap om produksjons- og handverksmetodar, og som ikkje er redde for å vere kreativ i møte med det nye.

Lokal verdiskaping

Inititativtakar er bygdeutviklar Astrid Brommeland. Ho ønsker å syne fram mangfaldet som finns i regionen, og gjere produkta meir tilgjengelege.

Oversikt over produsentar

I Suldalsposten stod denne oversikta over kortreist mat frå Suldal og nærområdet (klikk på biletet for å få fram heile annonsen): 

blobid0.png

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.