Ny tilsett hjå landbruksavdelinga

Helene Medhus Skedsmo er tilsett som seniorrådgjevar innan samfunnsplanlegging og arealforvaltning i 100 % stilling på landbruksavdelinga frå 1. oktober.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.10.2020

Helene er utdanna ved NLH/NMBU og har ein mastergrad i arealplanlegging og eigedomsfag (jordskiftekandidat). Helene var tilsett hjå Fylkesmannen i Rogaland då ho var nyutdanna i 2008, og var her fram til 2011. Etter det har Helene arbeida med planar og utgreiingar i Jernbaneverket og ho har vore jordskiftedommarfullmektig i Sør-Rogaland jordskifterett. No kjem Helene frå ei stilling som grunnervervar i Statens vegvesen/Rogaland fylkeskommune.

Sentrale oppgaver hjå landbruksavdelinga framover blir arbeid med kommuneplanar, reguleringsplanar, dispensasjonssaker og saker etter særlovane i landbruket.

Kva kommunar Helene har som sine primærkommunar kan du sjå her: https://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Plan-og-bygg/Arealforvaltning/Oversikt-sakshandsamarar-plansaker/ 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner