Endeleg fagsamling for landbruksforvaltinga i Rogaland

Lydhøyre landbruksbyråkratar samla på Mosterøy (Foto: Nono Dimby)

Etter to år opphald kunne vi endeleg arrangere fagsamling for kommunal landbruksforvalting 8. og 9. juni. Utstein kloster Hotell var fullstappa av landbruksbyråkratar. Tradisjonen tro, ein dag inne og ein dag ute. Her får vi god lagbygging og nyttig utveksling av kunnskap.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.06.2022

Geir Skadberg innleia med å utfordre alle nytilsette dei to siste åra til å presentere seg, og det kom fram at det er ein del nye ansikt, både i kommunar og hos Statsforvalteren. Det er viktig at dei nye blir godt integrerte i "landbruksfamilien". Elles informerte Skadberg om siste nytt innan landbrukspolitikken.

Tora Aasland innleia om etiske dilemma i forvaltinga

Vi fekk hyggeleg besøk av Tora Aasland som er leiar av KS sitt etikkutval, der vi fekk nyttig utfordingar knyta til vår rolle i forvaltinga. Ho plasserte etikken slik:

  • Juss – kva du kan gjere
  • Politikk – kva du vil gjere
  • Etikk – kva gjer du?

Det blei ei god meiningsutveksling om korleis vi skal og bør opptre i forvaltinga, der vi i mange høve er tett på bøndene.

Digitalisering stadig aktuelt tema

Vi fekk besøk frå naboøya Finnøy der Einar Vasstveit fortalte oss om Agrosense, ein del av alt det spanande som skjer frå bedrifta Agromiljø på Judaberg.

Robijne Verstegen, skogansvarleg i Sandnes, gav oss nyttig informasjon om digitalisering av hjortevald i kommunen. Her er noko å kopiere for andre kommunar.

Areal og eigedom

Ein bolk om jordvern og aktuelle tema/saker innan areal og eigedom er alltid aktuelt for kommunane. Helene Medhus Skedsmo og Rune Lian tok opp tema som dødsbu og landbrukseigedomar, og om kjøp av eigedom via aksjeselskap.

Mjølkesafari i Dalane ein suksess

Som siste innslag på innedelen fortalte engasjerte Svein Olav Tengesdal frå Bjerkreim kommune om gjennomførd Mjølkesafari i Dalane. Dette går ut på å fylle opp ein buss med bønder som har tankar om å bygge nytt fjøs, og dra på besøk til nokon som har satsa på ulike nye fjøs. Her har vi alle noko å lære knyta til mobilisering.

Dag 2 – alle ut på tur

Dag 2 blei gruppa delt i to grupper, der vi kunne velje stad og tema. Dette blei ein god dag med relevant påfyll av kunnskap.

Ser på utstyr til slangespreiing (Foto:Nono Dimby)

Neste år blir samlinga i Dalane!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner