Ny bruk av landbruksbygg er ei utfordring

Dette kom fram på eit seminar som Fylkesmannen arrangerte for administrasjonen og dei folkevalde i kommunane. Tema for seminaret var "Bruk av ledige driftsbygningar - ein trussel eller ressurs for aktiv landbruksdrift?"

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.02.2012

Det var stor interesse for temaet med mange deltakarar frå kommunane. Det kan vere vanskeleg å avgjere saker der det blir søkt om lov til å starte opp med ny verksemd, i driftsbygningar som ikkje lenger er i bruk til tradisjonell jordbruksdrift. Det er i dag eit aukande problem at mange bygg i landbruket står tome. Dårleg vedlikehald kan føre til at dei på sikt blir farlege og skjemmande i kulturlandskapet.

Landbruksdirektør Hadle Nevøy hos Fylkesmannen sa i sitt innlegg under seminaret at det er omsynet til landbruket som skal vege tyngst i LNF-område. LNF- område er dei områda som i ein kommuneplan er sett av til landbruks-, natur- og friluftslivsområde. Nevøy var også tydeleg på at kommunane bør ta tak i dei tilfella der det er ulovleg bruk av landbruksbygg.

Seksjonssjef Geir Grønningsæter i Statens landbruksforvaltning sa litt om dei nasjonale måla for auka matproduksjon og omsynet til jordvern. Han viste og til at det er eit nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap, der ei av arbeidsgruppene ser på ny bruk av ledige landbruksbygg.

Rådgivar Trond Olav Fiskå hos Fylkesmannen orienterte om dei juridiske verkemidla og føringane, som ligg til grunn for den regionale forvaltninga av desse sakene. Han viste mellom anna til ein rettleiar frå Miljøverndepartementet som heiter "Plan- og bygningsloven og Landbruk Pluss".

Seniorrådgivar Dagfinn Hatløy hos Fylkesmannen gjekk gjennom nokre utfordrande enkeltsaker, som hadde vore oppe til behandling hjå fylkesmann. Han sa mellom anna at det bør vere strengare saksbehandling på omdisponering av ledige driftsbygningar på frådelte tun.

Marianne Osmundsen frå Rogaland Bondelag viste til at dei i 2006 sette ned ei arbeidsgruppe for å sjå på utfordringane med ledige bygg i landbruket der. Dei ønskjer differensiering ut frå om bygget ligg innanfor eller utanfor langsiktig grense for landbruk. Det bør vere enklare å ta i bruk tome bygg utanfor langsiktig grense, medan bygg som ligg innanfor langsiktig grense for landbruk bør nyttast til produksjon av mat eller rivast. Dei ønskjer at det kjem på plass økonomiske ordningar, som kan stimulere til riving av gamle bygg som ikkje blir haldne vedlike.

Avdelingssjef Brit Jorunn Haslemo i Time kommune orienterte om den praksis dei har i kommunen. Dei har utarbeidd eigne retningsliner for sakshandsaming for slike saker. Desse retningslinene er teke inn i kommuneplanen.

Plan- og bygningssjef Ståle Undheim i Sola kommune tok opp utfordringane dei har i kommunen med omfattande interessekonfliktar i LNF-områda. Det er aukande press frå grunneigarar, som ønskjer å nytte ledige bygg til alternative inntektskjelder.

Sjefsingeniør Eddie Westad frå Statens vegvesen orienterte om det dei har fokus på, i saker som gjeld spørsmål om endra bruk av landbruksbygg. All endra bruk krev løyve frå Statens vegvesen.

Fagsjef Svein Atle Steinbru frå Gjensidige tok opp problemstillingar omkring tome driftsbygningar og rett forsikring ut frå produksjon og risiko. Han viste til at det er størst utfordring med bygg som står tome utan tilsyn og vedlikehald, særleg dersom dei er kopla til straum.

Presentasjonane frå seminaret:

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.