Taktskifte i jordvernet – ryddejobben er i gang

All jordbruksjord som er omdisponert i kommuneplanane er nødvendigvis ikkje bygd ned. No vurderer fleire kommunar å føre tilbake godkjende byggeområde til jordbruksføremål.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.09.2022

Jordvern er logisk nok eit viktig og vanskeleg tema i Rogaland. Mykje av senterstrukturen og utbyggingspresset skjer midt i matfatet. Målt i areal er Rogaland relativt liten, men målt i folketal er Rogaland på tredjeplass. Det er slik sett å vente at det blir stor kamp om areala.

40 000 dekar jordbruksjord tapt på 30 år

Rogaland er eit plansterkt fylke der omsynet til jordvern og naturmangfald har vore eit viktig tema allereie frå første regionale plan (Fylkesdelplan for byutvikling på Jæren) i 2000. Her blei langsiktig grense for jordvern sett, og kjerneområde for landbruk definert ut i frå eit strengt jordvern i ein høgkonjunktur i olje-regionen. Jordvernet har likevel vore utfordra gjennom enkeltsaker og plan.

Rogaland toppa statistikken for omdisponering av dyrka jord i 2021, med 608 dekar registrert omdisponert. Og vi har vore høgt på lista over mange år. I Regional jordvernstrategi for Rogaland vedtatt i 2019, er det sett eit mål om maksimal nedbygging på 400 dekar jordbruksareal i året. Dette var basert på 10 % av det nasjonale jordvernmålet. Rogaland fylkeskommune er nå i gang med å revidere regionalt jordvernmål i tråd med nye nasjonale føringar.

 – Me har omdisponert over 40 000 dekar jordbruksjord i Rogaland i løpet av dei 30 åra eg har jobba med jordvern, seier Anfinn Rosnes, assisterande landbruksdirektør hos Statsforvaltaren i Rogaland.»  Sitatet kunne vi lese i Stavanger Aftenblad i juli 2022. I same avisoppslag blei det vist til det nasjonale jordvernbrevet frå Landbruks- og matministeren og Kommunal- og distriktsministeren, med følgjande tekst: Men all jorda som er blitt omdisponert i løpet av karrieren til Rosnes, er ikkje nødvendigvis bygd ned. Og dét er eit vesentleg poeng i denne saka. For kommunane fekk i vår ein ny marsjordre frå regjeringa, som ønsker eit strengare jordvern.

imagez9wbq.png

 Utklipp frå nettoppslag i Stavanger Aftenblad frå 19.07.22. Publisert etter avtale med Stavanger Aftenblad.

Seinare i oppslaget kunne ordførarane i Sandnes og Stavanger opplyse om at kommunane i samband med revisjon av kommuneplanen vil føre tilbake godkjende byggeområde til jordbruksføremål. 

Fleire kommunar tilbakefører byggeområde til LNF-føremål

Vi opplever nå at fleire kommunar vurderer tilbakeføring av godkjende byggeområde til LNFR-føremål:

  • Time kommune – næringsområde Svertingstad – reguleringsplan. Ei sak som gjeld planvarsel for eit større næringsområde på dyrka jord ved Bryne i Time kommune som har fått stor merksemd. Der vedtok fleirtalet i kommunestyret at byggeområdet i kommuneplanen skal tilbakeførast til LNFR-føremål ved neste revisjon av kommuneplanen.
  • Klepp kommune – kommuneplan. Klepp kommune har nyleg hatt ny kommuneplan på høyring, og Statsforvaltaren har gitt uttale datert 07.06.2022. Kommunen får her ros for å legge fram eit planalternativ der over 500 dekar ved Orstad blir tilbakeført frå byggeføremål til LNFR-føremål, der mye av dette er dyrka jord.
  • Sandnes kommune – kommuneplan. Sandnes kommune har i samband med revisjon av kommuneplanen endra eit areal på 430 dekar avsett til byggeområde ved Vatnekrossen til LNFR-føremål. I uttale frå Statsforvaltaren datert 03.05.2022 er det framheva som prisverdig at dette arealet er teke ut av planen.
  • Stavanger kommune – kommuneplan. Kommuneplan for Stavanger kommune er nå ute på høyring, og også her er eit viktig tema i arealdelen det å revurdere godkjende byggeområde. I høyringsforslaget er det føreslått tilbakeføring av 1300 dekar til LNFR-føremål, kor 618 dekar er dyrka mark. I arealstrategien til kommuneplan er det også eit mål om arealnøytralitet for naturverdiar som vil gagne jordbruket så vel som samfunnet generelt.

 

Det er positivt å sjå auka merksemd, både administrativt og politisk, kring det å ta ut byggeområde på dyrka jord. Vår vurdering er at diskusjonen om standard på nye motorvegar også er eit resultat av auka fokus på jordvern, samt tap av natur, karbonrike areal og biologisk mangfald.

Eit langsiktig fokus på jordvern nasjonalt og regionalt kan vise seg å gi resultat. Vi ser teikn til eit taktskifte knyta til jordvern, og at ein slags ryddejobb er i gang.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.