Samordna statleg fråsegn til Klepp kommuneplan 2022 - 2033

Klepp kommune har hatt samfunnsdel med arealstrategi og arealdelen av kommuneplanen 2022 – 2033 til offentleg ettersyn. Statsforvaltaren har kome med ein statleg samordna fråsegn til kommuneplanen. Norges vassdrags- og energidirektorat og Statsforvaltaren har kome med motsegner til kommuneplanen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.06.2022

Statsforvaltaren i Rogaland sine innspel
Samfunnsdelen tar på en god måte opp langsiktige utfordringar og tendensar, og er opptatt av å ta vare på natur og landbruksinteressene i kommunen. Arealstrategien bygger opp om viktige nasjonale og regionale føringar når det kjem til jordvern og bustad-, areal og transportplanlegging. Kommunen har eit prisverdig og tydeleg mål om at det skal omdisponerast 0 dekar jordbruksjord i kommuneplanperioden.

Samla sett, er arealdelen godt forankra i arealstrategien til kommunen. Me har likevel motsegn til arealforslag som er i konflikt med regionale og nasjonale føringar knytt til jordvern, samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, barn og unge, og natur.

Me har gjort ei kvalitetssikring av føresegna, retningslinjene og omsynssonene, og har kommentarar til enkelte føresegner som kommunen bør vurdere å endra ordlyd på eller presisera innhaldet. Me har motsegn til føresegner som kjem i konflikt med våre saksområde når det gjeld samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, barn og unge, massefyllingar og samfunnstryggleik.

NVE sine innspel
NVE har motsegn til at tryggleik mot skred ikkje er godt nok vareteke i planen og at større høgspenningsanlegg og transformatorstasjonar ikkje er innarbeida i planen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.