Ny nasjonal jordvernstrategi

Dyrka jord på Kalberg i Time kommune.
Dyrka jord på Kalberg i Time der det er planar om kraftkrevjande industri. Foto: Anfinn Rosnes.

Regjeringa la 21. mai 2021 fram oppdatert jordvernstrategi for Stortinget. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad seier at status på dei beste jordbruksareala må hevast betydeleg, og det må slik sett særleg gjelde Rogaland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.05.2021

Den nye strategien framhevar jordvernet som ein viktig del av oppfølginga av FNs berekraftsmål. Det er lagt fram fleire tiltak for å nå måla, og vi viser til pressemeldinga frå regjeringa.

Frå 4000 til 3000 dekar i året

Forslag til nytt nasjonalt mål er at maksimal årleg omdisponering av dyrka jord skal vere redusert til 3000 dekar innan 2025. Det er elles framheva at den beste jorda bør ha best vern, og det vil gjelde mykje av den dyrka jorda i Rogaland. Vi gjer merksam på at gjødsla beite også blir definert som dyrka jord. Vi vil også minne om at jordvern handlar om meir enn å telje dekar tapt jord. Det kan vere like viktig å tenkje korleis strukturen blir for dei areala som skal drivast vidare og gi grunnlag for vidare matproduksjon. Dette med å etablere langsiktige og klare grenser, slik at landbruksnæringa kan tenkje langsiktig, er viktige grep i arealplanlegginga.

Av figuren som viser omdisponering av dyrka jord frå 1967 til 2020, kan vi sjå at det har vore ei positiv utvikling, men også at det vil vere krevjande å kome ned mot 3000 dekar omdisponert i året.

image7v8ps.png

 

Særleg utfordring i Rogaland

Rogaland er kjent som ein region der det er omdisponert mykje god matjord, samstundes som vi er ein viktig matregion. Vi står føre utfordrande saker knytt til utbygging og jordvern, til dømes ved samferdsletiltak. Samstundes har vi sett ei positiv utvikling i seinare tid, og vi har registrert at fleire kommunar nå har auka fokus på jordvern. Det er også eit auka regionalt fokus på jordvern, med klar målsetting i Regional jordvernstrategi. Nytt nasjonalt mål tilseier eigentleg at målet i regional strategi bør skjerpast inn frå 400 til 300 dekar i året.

Kommunane har ei nøkkelrolle i oppfølging av jordvern og bærekraftmål   

Regjeringa framhevar regional planlegging som eit viktig reiskap for å balansere jordvernet opp mot andre behov. Byvekstavtalar er også peika på som bidrag til heilskapleg planlegging. Men det er i hovudsak kommunane som vedtek planar knytt til bruk og vern av areal, og slik sett tek endeleg avgjerder om arealbruk.

Landbruket si eiga nedbygging må telje med 

Frå grunnlagsarbeidet til strategien kjem det fram at landbruket sjølv bygg ned mye dyrka jord, men at dette ikkje blir rekna med i statistikken. Nyleg kom det fram av ein rapport frå SSB at landbruket står for 27 prosent av nedbygginga, og det er behov for eit betre rapporteringssystem for tap av jord. Av strategien går det fram at det skal utviklast eit betre arealrekneskap.  

Statsforvaltaren i Rogaland vil følgje opp strategien

Statsforvaltaren har også fått i oppdrag å ha berekraftmåla som fundament for vårt arbeid. I dette ligg det å ha eit sterkt fokus på jordvern i våre uttalar til arealplanar. Vår rolle er då å sjå til at kommunane følgjer nasjonal politikk, og endeleg vedteken strategi vil vere eit sentralt verktøy vi nyttar. Vi viser også til jordvernbrev frå statsrådane Bollestad og Astrup frå 8. januar 2021.

                                            

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.