Svinenæringa i Rogaland framover

Svinenæringa i Rogaland er stor, og står for om lag 30 % av all produksjon av svin i Norge. Og med tilhøyrande foredlingsindustri står denne næringa for viktig verdiskaping. Blir det slik også framover? Her er landbruksdirektør Geir Skadberg sine refleksjonar.

Publisert 04.07.2023

Færre svineprodusentar

I oktober 2022 svarte bøndene i Rogaland på ei spørjeundersøking utsendt av den regionale landbrukspartnarskapen. Det mest sentrale spørsmålet var kva bøndene sjølve trur det er av produksjonar på garden om 15 år. Svinebøndene sine tilbakemeldingar er eigentleg ganske urovekkande; Undersøkinga viser om lag 29 % færre føretak med slaktegrisproduksjon og 31 % færre føretak med smågrisproduksjon om/innan 15 år. Desse tala tek omsyn både til dei som vil slutta og dei som seier dei vil starte opp. Eg syns dette er urovekkjande tal. Tala finn du i arket til høgre. Her kan du også sjå kva bøndene har lagt vekt på i sine val om å slutte.

I Rogaland har vi i dag om lag 420 føretak med slaktegrisproduksjon og 180 med smågrisproduksjon. Undersøkinga viser nokolunde lik nedgang i begge desse produksjonane. Dersom så skjer kan balansen mellom tal smågrisprodusentar og tal slaktegrisprodusentar bli ei utfordring, gitt dagens husdyrkonsesjonsregelverk. Dette regelverket set mellom anna grenser for produksjonsstorleik, det vere omsette/slakta dyr og/eller tal avlspurker per føretak.

Særlege utfordingar for Rogaland?

Vel 50 smågrisprodusentar i Rogaland har midlertidig konsesjon etter forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen (§ 9b). Desse konsesjonane blei gitt til dei føretake som hadde stort omfang av såkalla eingongspurker, og gjeld ut 2024. Til saman utgjer dei midlertidige konsesjonane i Rogaland vel 6 000 utrangerte purker.  Produksjonen desse purkene representerer fell då bort frå 1. januar 2025, gitt dagens regelverk. Situasjonen i Trøndelag er mykje lik som i Rogaland.

Kostbart

Undersøkinga viser at framtidige investeringsbehov er ein vesentleg grunn til at svineprodusentane vel å slutte. Og det er ikkje overraskande. Mange av grishusa er rundt 20 år og eldre. Mange ser at vegen vidare føreset nybygg. Og det er dyrt å byggje, enten det er til slaktegris eller smågrisproduksjon. Vidare ligg det nokre usikre variablar i framtidige krav til dyrevelferd.

Vel, eg vonar fleire tek eigarskap til utfordringsbilete svinenæringa vår står ovanfor. Vi har sterke fag- og produksjonsmiljø i dag. Vi bør saman arbeide for at det blir slik også framover.

 

Med helsing

Geir Skadberg

landbruksdirektør

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.