Regjeringa vil senke taka for mjølkekvote

I Hurdalsplattforma vil regjeringa senke kvotetaka for mjølkeproduksjon for kumjølk mot 500 000 liter frå dagens nivå til 963 000 liter, korrigert for forholdstalet på 1,07. Korleis påverkar endringa mjølkeproduksjonen i Rogaland og for bøndene som ynskjer å utvida produksjonen?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.10.2021

Regjeringa vil óg vurdera tiltak for å redusera kvotekostnadar og redusera taket for mjølkekvotar. Dei som har tilpassa seg dagens høge nivå, kan behalde eller selje overskytande kvoter attende til staten til avtalt pris. 

Nyheita vert omtala i Nationen 26.oktober der Landbruks- og matminister Sandra Borch ikkje kunne svare i intervju på kva kriterium som skal gjelde for å få behalde ein høgare individuell kvote enn eit nytt lågare tak.

Seksjonssjef hos Landbruksdirektoratet seier at taket i år på 963 000 liter set grenser for kor mykje mjølk kvart føretak kan produsera. Dette er uavhengig om kvota er kjøpt eller leid.

Kva vil dette seie for Rogaland?

Banksjef i SR bank, Morten Malmin, seier at endringa frå regjeringa fyrst og fremst vil påverka bruk som ennå ikkje har investert i ny driftsbygning med lausdrift, der spesielt Vestland fylke har mange bønder som står føre store val framover. 

I Rogaland er bøndene raske til å omstilla seg, og etter kvotetaket blei heva til 900 000 liter i 2014 var det fleire som investerte i kvote og fjøs. Dette førte til ein auke i etterspurnad av mjølkekvotar noko som ga ein auke i kjøp og leigeprisar.

Ein reduksjon på kvotetaket vil kunne bidra til lågare etterspurnad og reduksjon i pris for kjøp og leige av mjølkekvoter. Difor kan ein reduksjon på kvotetaket verka positivt inn viss bonden har tenkt til å investere i driftsbygning og kvote, seier Malmin. Ein reduksjon i leigepris er positivt for bruk som ynskjer å utnytte kapasiteten for mjølkeroboten betre med ein auke i mjølkekvote, der plass, grovfôr og tid er på plass.

Føretak med mjølkekvote over 500 000 liter

Disponibel kvote er knytt til føretaket og grunnkvoten følgjer landbrukseigedomen. I Noreg er det 11 586 grunnkvoter der 77 føretak eig 500 000 liter eller meir, 9 av dei eig over 700 000 liter. Av desse 77 føretaka er 20 i Rogaland, der 3 av dei eig over 700 000 liter. I Rogaland har me 138 produsentar med ein disponibel kvote på over 500 000 liter.

Les meir om interesse for kjøp av kvote i Rogaland her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner