Saman om å løfte bonden

Melkekyr hentes heim frå beitet i Hå kommune.
Mjølkekyr blir henta frå beite. Bilete har ikkje noko med artikkelen å gjere. Foto: Annabell Pfluger.

Slakteria Nortura, Fatland og Prima er no i gang med å planlegge samling for rådgivarar som er i kontakt med rogalandsbonden. Saman skal dei arbeide for å auke kompetansen hos rådgivarane i møte med bønder som har utfordringar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.07.2022

Rådgivarar i direkte kontakt med bønder opplever til tider å treffe bønder med utfordringar. Auke i krava til produksjon og stram økonomi kan gje dalande motivasjon og påverke bonden si psykiske helse. Nokon gonger slik at det gjer negative konsekvensar for både relasjonar, drift og dyr. Rådgivarane kan sitt fagområde, men korleis er det med kompetansen i å handtera dei vanskelege samtalane når i møte med bønder i krevjande situasjonar?

I fellesskap tar no slakteria Nortura, Fatland og Prima grep om å løfte dette temaet. Prosjektet heiter Kompetanseheving for betre bondevelferd i Rogaland , og er støtta av Rogaland fylkeskommune. Startskotet er ei samling i 26. oktober 2022 kor rådgivarar frå landbruksorganisasjonar i direkte kontakt med bønder skal inviterast.

Bakgrunnen for prosjektet er at temaet dyrevelferd – bondevelferd ble debattert under en samling i regi av prosjektet «Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland» der hele landbruksbransjen i Rogaland er samla.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.