Gode resultat for svinenæringa

Frilandsgris i halm av Sissel C. Endresen

Tal frå Utvida sjukdomsregistrering (USR) for svin visar nedgang i viktige parameter for helse og velferd, og næringa har lagt bak seg sitt tredje år utan påvist MRSA smitte.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.03.2023

Tre år utan MRSA smitte

MRSA – Meticillinresistene stafylokkar er resistente mot antibiotika, og er ein bakterie som smittar mellom menneskjer og dyr.  LA – MRSA ( livestock associated MRSA) er dyrevarianten av MRSA. I 2013/2014 starta eit overvakingsprogram med formål om å halde næringa fri frå sjukdommen. Fleire besetningar har i etterkant sanert mot MRSA, noko som både er tidkrevjande og kostbart. Dette er eit viktig arbeid slik at svinebesetningar ikkje bidreg til å «oppbevara» smitte som kan overførast til menneskjer. Veterinærinstituttet utfører åreleg prøvetaking på oppdrag frå Mattilsynet, og 2022 var det tredje året utan påvist smitte i norske svinebesetningar.

 

Nedgang i bog og hale-sår

Mattilsynet kontrollerer om dyr som skal slaktast eignar seg til mat. Under kjøttkontrollen blir det registrert ulike faktorar som fortel noko om korleis det står til hjå enkeltbesetningar og den norske svinepopulasjonen. Oversikt over desse registreringane blir publisert i rapporten «Kjøttets tilstand», ein årleg statusrapport over norsk egg – og kjøttproduksjon utgitt av Animalia. USR- tala gir først og fremst eit bilete av korleis det generelt står til med helsa i den norske svinepopulasjonen, samstundes som tala seier noko om velferd. Dette gjeld spesielt registreringar av bog og halesår – tre parameter kor ein kan sjå betydeleg framgang (sjå utklipp av figur frå kjøttets tilstand 2022 under).

 

Hentet fra kjøttetstilstand 2022

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.