Podkast - For folk og natur

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal starta opp med podkast i januar 2022. 

Publisert 01.02.2022, Sist endret 22.06.2023

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.

Vi ønsker å opplyse og informere om tema som vi arbeider med, og håper at podkasten kan gi eit godt innblikk i vårt mangfaldige saksområde.

Ein podkast er lett tilgjengeleg, og kan lyttast til når folk har tid og lyst. Derfor vel vi den kanalen. Podkasten er retta mot alle innbyggarar i fylket - og innhaldet kan også vere interessant for politikarar og kommunane i Møre og Romsdal.

I tillegg til her på nettsida, ligg podkasten på Spotify, på iTunes, og på Google Podcasts


Publisert 18.03.2022

Ny podkast: Vårt møte med krigen i Ukraina

Vi tar opp aktuelle tema i møte med krigen i Ukraina: tryggleik og beredskap, landbruk og matsikkerheit. Og så stiller vi spørsmåla: Korleis tar vi imot flyktingar og flyktningbarn i Norge? Og korleis snakkar vi med våre eigne barn om krigen? 


Publisert 17.02.2022, Sist endret 17.02.2022

Ny podkast: Velkommen til ope hus!

Bli betre kjend med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Embetsleiinga, ved assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste, og statsforvaltar Else-May Norderhus inviterer til ope hus!


Publisert 01.02.2022

Ny podkastepisode er ute: «Klimasnu – ei nødvendig omstilling»

I Møre og Romsdal står vi midt i eit Klimasnu. Kva meiner vi med det? Kva for grep kan kommunane ta for å få ned klimagassutslepp? Kva er samanhengen mellom gründerverksemd og klimaomstilling? Kvifor skal vi ta spesielt vare på jord, myr og skog? Og kan kommunane vere med å bidra til gjenbruk?


Publisert 31.01.2022

Ny podkast frå Statsforvaltaren

«For folk og natur» er tittelen på podkasten som Statsforvaltaren i Møre og Romsdal startar opp med måndag 17. januar.