Overvintringsskade på eng? Dokumenter skaden og kontakt eventuelt kommunen!

Fleire kommunar har meldt frå om overvintringsskader på eng i år. Det er mest i indre og høgareliggande område vi har fått melding om skade, og skaden viser seg som uttynning i enga eller at enga flekkvis har gått heilt ut.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.06.2017

Fram til 2015 kunne føretak som hadde overvintringsskade på eng søkje om tilskot til utbetring av vinterskadd eng, dersom meir enn 30 % av arealet måtte fornyast på grunn av vinterskade. Søknadsfristen for denne ordninga var 15. juli, men erstatning etter vinterskader vart tatt bort i 2015.

Erstatning etter klimabetinga avlingssvikt

Dersom eit føretak får mykje redusert avling etter å ha hatt vinterskade på eng, kan føretaket søkje om erstatning etter klimabetinga avlingssvikt. Dette kan skje først til hausten, etter at all grashausting er avslutta. Då vert totalavlinga på bruket vurdert opp mot eit normtal for området. Dersom avlinga ligg meir enn 30 % under normavlinga, kan det bli tildelt erstatning for det ekstraordinære avlingstapet.

Søkjaren har eit sjølvstendig ansvar for å dokumentere skaden.

Dokumentasjonen skal vise at der er samanheng mellom skaden,  klimatiske forhold og avlingssvikt.

Det er ein føresetnad at enga har blitt utbetra etter vinterskaden.

Det er såleis viktig å dokumentere skaden og dei klimatiske forholda, og eventuelt gje beskjed til landbruksforvaltninga i kommunen, slik at dei kan komme ut og vurdere skaden før den blir reparert, dersom du vurderer skaden som så stor at det kan bli aktuelt å søkje om erstatning.