Siste fordeling av skjønnsmidlar - 2022

No er dei resterande 25,8 millionane av skjønnsmidlar til kommunane i fylket fordelt. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.11.2022

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal fekk 54 millionar kroner i fylkesvis skjønnsramme til fordeling i budsjettåret 2022. Tidlegare i år vart 28,2 millionar kroner fordelt.  

Fordelinga på kommunenivå ligg vedlagt. Her har vi kompensert både enkeltsaker og meir generelle utfordringar:

Barnevernsreforma

Frå 1. januar 2022 fekk kommunane økt finansieringsansvar. Eigenandelssatsane for kjøp av statlege tiltak vart endra, og refusjonsordninga for kommunale fosterheim vart avvikla. Samtidig vart det øyremerka tilskotet til stillingar avvikla. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har samanlikna kva kommunane får av endra inntekter/utgifter som følge av reforma. Dette inkluderer: Endra rammetilskot som følge av reforma, inkludert overgangsordning. Bortfall av øyremerka tilskot, samt refusjonar og kjøp frå staten (2020 og 2021-tall, kjelde Bufdir.)

Vi har kompensert dei kommunane som har størst negativ økonomisk differanse målt etter innbyggartal. Negativ differanse betyr i denne samanhengen at auken i rammetilskotet som følge av reforma samla er lågare enn bortfallet av det øyremerka tilskotet og kommunane sine opphavlege refusjonar og/eller kjøp frå staten før reforma trådde i kraft.

Helseplattforma

Her har vi forskottert ein prosentvis sats for innføringskostnadane i samband med innføringa av Helseplattforma. Resterande kommunar som har eller vil vedta opsjon for innføring av helseplattforma har eller vil få utbetalt lik sats.

Generell vurdering

Her har vi fordelt ein sum ut i frå ei totalvurdering av kommunen sin økonomi.

Av spesielle enkeltsaker har vi tildelt:

  • 1505 Kristiansund: 1 000 000 kroner til Digi Møre og Romsdal for 2023. Prosjektet skal inkludere alle kommunane i Møre og Romsdal.

  • 1517 Hareid: 275 000 kroner til prosjekt i ungdomsmiljøet i Hareid. 50 prosent av prosjektkostnadane er dekt. Det må rapporterast på bruken av midlane.

  • 1566 Surnadal: 500 000 kroner til skadar på kommunal infrastruktur under stormen Gyda.

  • 1577 Volda: 500 000 kroner til Digitalisering/tenesteutviklingsprosjekt på Søre Sunnmøre. Det må rapporterast på bruken av midlane.

Midlane vert utbetalt gjennom rammetilskotet i termin 11.