Bruk av BPA-timar

Arbeidsleiar har rett til å avgjere korleis BPA timane skal fordelast gjennom veka i følge Helsedirektoratet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.12.2021

Arbeidsleiar har i utgangspunktet rett til å styre bruken av timar med personleg assistanse sjølv. Det er sjølve kjernen i BPA. Helsedirektoratet skriv at kommunane ikkje har høve til å rutinemessig inndra ubrukte timar, til dømes pr. veke eller månad.

Kommunen kan endre vedtaket om behovet faktisk har blitt mindre, eller at timane blir brukt til andre ting enn forutsatt i vedtaket.I så fall må kommunen sende varsel om at det vil bli gjort nytt vedtak etter forvaltningslova § 16 og §35.Det nye vedtaket kan du klage på til Statsforvaltaren.Du kan samstundes be om at det nye vedatket ikkje blir iverksett før klagen er behandla.