Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta

Forskrifta erstatter internkontrollforskrifta og trer i kraft frå 1. januar 2017.

Publisert 03.01.2017, Sist endret 17.02.2021

Regjeringa har vedteke ei ny forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta. Den slår tydeleg fast at det er toppleiinga som har ansvaret for at verksemda planleggast, gjennomføresast, evaluerast og korrigerast. Forskrifta er av stor betydning for alle tilsette i helse- og omsorgstenesta. Forskrifta er eit viktig verkemiddel for å sørge for at dei utøvande tenestene etterlever dei krav som finns i lovgivninga på området. 

Den nye forskrifta kjem i staden for nogjeldande internkontrollforskrift for tenestene som er frå 2002. Den er tydelegare på kva for oppgåver plikta til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere omfattar.

Den utdjuper kravet om systematisk arbeid med kvalitetsforbetring og pasienttryggleik.

Den gjør det lettare å slå fast kven som har det overordna ansvaret i kommunene og på sjukehusa.

Forskrifta om leiing og kvalitetsforbetring trer i kraft 1. januar 2017.  Helse- og omsorgsdepartementet sin omtale kan lesast her. Forskriftsteksten kan lesast her.