Fagdagar for barnehage- og skuleområdet 3.-4. mai 2017

Dato:
3. mai 2017 10.00 - 4. mai 2017 16.00
Sted:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sjå programmet for målgruppe dei aktuelle dagane

Vi viser til utdanningsavdelinga sin aktivitetskalender for våren 2017, som ligg på heimesida vår, og inviterer med dette til fagdagar for barnehage- og skuleområdet.

Publisert 08.05.2017

Tid: 3. og 4. mai 2017

Stad: Quality hotel Alexandra, Molde

 

Dag 1 (3.mai) kl 10.30 - 17.00. Registrering fra kl 10.00.
Hovudtema blir nytt om lov og regelverk på barnehageområdet.

Målgrupper: Kommunane som barnehagemyndigheit og barnehageeigar, ikkje-kommunale barnehageeigarar, styrarar og andre barnehageleiarar, PPT.

Detaljert program blir lagt ut seinare, men hovudinnhaldet til følgjande:

  • Aktuelt i sektoren
  • Nytt i barnehagelova, rett til spesialpedagogisk hjelp, tilretteleggingsplikt, tilsyn m.m.
  • Ny rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver
  • Klagesaksbehandling - nokre sentrale moment
  • Foreldreutvalget for barnehagar (FUB)

Dag 2 (4 mai) kl 10.00 - 17.00.
Hovudtema blir nytt om lov og regelverk i skuleområdet.
Målgrupper: Skulefagleg ansvarleg i kommunane / fylkeskommunen, skuleleiarar i kommunale, fylkeskommunale og friskular, PPT.

Detaljert program blir lagt ut seinare, men hovudinnhaldet blir følgjande:

  • Aktuelt i sektoren
  • Krav til kommunen sitt forsvarlege system - §13-10
  • Forvaltningskompetanse
  • Skulebasert vurdering
  • Kva kan veilederkorps bidra med?
  • Status for ny handhevingsordning mot krenking og mobbing - nytt kap 9a (oppll.)
  • Presentasjon av Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa)
  • FUG

Økonomi: Deltakarane må sjølv dekkje deltakinga si samt opphalds- og reiseutgifter.

  • Dagpakke pr dag kr 475 (for dei som ikkje bur på hotellet)
  • Deltaking begge dagar inkl overnatting i enkeltrom og alle måltid, kr 1803
  • Det er mogleg for dei som deltek i dagpakke å melde seg på middagen om kvelden 3.mai kr 395

Dette skal betalast direkte til hotellet ved oppstart. Evt tilsending av faktura må den enkelte sjølv avtale direkte med hotellet i god tid før kursstart.

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innen 29.mars 2017. Påmeldingsskjema finn du lengre ned på denna sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 99 / 71 25 85 05.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på skjermen og på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt regisrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
3. mai 2017 10.00 - 4. mai 2017 16.00
Sted:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sjå programmet for målgruppe dei aktuelle dagane