Ny podkast: Vårt møte med krigen i Ukraina

Vi tar opp aktuelle tema i møte med krigen i Ukraina: tryggleik og beredskap, landbruk og matsikkerheit. Og så stiller vi spørsmåla: Korleis tar vi imot flyktingar og flyktningbarn i Norge? Og korleis snakkar vi med våre eigne barn om krigen? 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2022

Russland sitt angrep på Ukraina påverkar verda – Norge og oss i Møre og Romsdal. Flyktningar kjem til landet, og både nasjonale, regionale og lokale myndigheiter arbeider for å ta dei imot på ein god måte.

I denne episoden av For folk og natur snakkar vi om krigen i Ukraina, og korleis han påverkar oss i Møre og Romsdal. 

Med i podkasten er statsforvaltar Else-May Norderhus, direktør Frank Madsøy og fagleiar Gro Toft Ødegård. Kommunikasjonsrådgiver Lena Skattum Sandvik leiar programmet.  

Denne episoden vart publisert 18. mars. 

For deg som ønsker meir informasjon: 

For folk og natur

Les meir om den nystarta podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.