Tilskotsordningar

Her følgjer ei oversikt over ein del statlege tilskotsordningar for miljøtiltak over Miljøverndepartementets budsjett. Søknader om tilskot blir sendt gjennom det elektroniske søknadssenteret (ESS) til Miljødirektoratet. ESS opnar for innlevering av søknadar om lag ein månad før søknadsfristen for det einskilde tilskotet.

Du kan gå direkte til søknadssenteret via https://soknadssenter.miljodirektoratet.no. Du kan registrere deg som søkar og finne informasjon om søknadsprosedyren der, saman med omtale av dei einskilde tilskotsordningane. Rapportering av tiltak det er gitt tilskot til skal også skje gjennom søknadssenteret. Ta eventuelt kontakt med Statsforvaltaren for rettleiing.

Du finn også informasjon om tilskotsordningane i Rundskriv T-1/19 Tilskotsordningar for 2021

Tilskotsordningar som Statsforvaltaren si miljøvernavdeling forvaltar

Sjå omtale i søknadssenteret av dei einskilde tilskotsordningane ved å klikke på lekkjene under. For følgjande tilskotsordningar er søknadsfristen 15. januar:

Desse tilskotsordningane har andre søknadsfristar:

  • Akutte forbyggjande tiltak mot skade frå rovvilt (kan søkjast heile året)
  • Førebyggjande tiltak i rovviltforvaltninga (søknadsfrist 15. februar)
  • Konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga (søknadsfrist 15. februar)
  • Tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket (kontakt Statsforvaltaren si landbruksavdeling)

Nokre aktuelle ordningar som Miljødirektoratet forvaltar:

Tilskot til friluftslivsformål:

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for friluftsliv på fylkesnivå. Dette omfattar også dei statlege tilskotsordningane til friluftslivsformål. Meir informasjon finn du på heimesidene til Rogaland fylkeskommune.


11.09.2020

Tilskot for trua naturtypar

Gjer du tiltak for å ta vare på en trua naturtype kan du søke tilskot. Målet er å ta vare på trua naturtypar i Norge.