Fylkesmannen fornyar Aker Solutions' mellombels løyve i Egersund

Aker Solutions AS fekk 2.juli 2020 midlartidig løyve etter forureiningslova, til utslepp av testvatn frå eit produksjonsanlegg for servicevatn. Testen skulle ha funne stad i august, men har vorte utsett. Fylkesmannen har no fornya løyvet.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.11.2020

Slike løyve blir vanlegvis gitt av Miljødirektoratet, men i dette tilfellet vart styresmakta delegert til Fylkesmannen. Dermed fekk Fylkesmannen ansvaret for å evaluera effektane på det biologiske mangfaldet og krava i vassforskrifta. Søknadsinnhaldet og effektar vart grundig vurdert då Fylkesmannen gav den førre mellombelse løyvet 2. juli 2020. Både den førre løyvet og søknaden kan lesast i dokumentlenkene.   

I løyvet er det gjort ytterlegare vurderingar av utsleppsforholda. På denne årstida er overflatetransporten ut av området større pga. auka vassføring i elvane, og ein lågare vasstemperaturen gjer at ein nedbryting av biologisk nedbrytbart stoff, skjer langsamare. Det er dermed mindre fare for uheldige effektar i perioden 13. november til 31. desember 2020, når tiltaket skal setjast i verk.  

Løyvet kan klagast på til Miljødirektoratet av partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse, jf. vedtaket datert 30. oktober 2020.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.