Forureining

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Kirsten Redmond Kristiansen (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 77 / 412 09 530

Cathrine Stabel Eltervåg (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Mariann Størksen (fung. ass. fylkesmiljøvernsjef, fung. seksjonssjef forureining):

  • 51 56 89 06 

Per Kristian Austbø (ass. fylkesmiljøvernsjef, seksjonssjef natur):

  • 51 56 89 10

13.09.2018

Etterhandskunngjering av endra løyve til Skretting AS avd. Stavanger

Fylkesmannen har endra løyvet til Skretting AS avd. Stavanger for produksjon av fiskefôr ved verksemda sitt anlegg i Hillevåg 21/1008 Stavanger.


13.09.2018

Etterkunngjering av løyve til Statens vegvesen, Region vest

Fylkesmannen har gitt Statens vegvesen, Region vest løyve etter forureiningslova til å utføre eit forsøk med lekter i Byfjorden.


17.07.2018

Løyve til Åsevik Utvikling AS

Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve til utfylling og mudring i sjø ved eigendom 3/2 i Strand kommune.


12.07.2018

Endra løyve til Statens vegvesen for mudring av overskotsmassar i indre Bangarvågen

Fylkesmannen har etter søknad endra løyve gitt Statens vegvesen, Region vest til arbeid i sjø ved indre Bangarvågen på Buøy i Stavanger kommune. Endringa omfattar mudring av sprengstein og anna massar som har ført til redusert sjødjup.


12.07.2018

Løyve til Norsea Ekofiskvegen AS til mudring i sjø ved Risavika

Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve til mudring i sjø ved eigendommane 5/545 og 6/364 i Sola kommune.


25.06.2018

Etterkunngjering av endra løyve til arbeid i sjø til Jadarholm AS

Fylkesmannen har etter søknad endra løyve til utfylling i sjø på eigedom 7/38 i Stavanger kommune.


21.06.2018

Etterkunngjering av løyve til mudring og sprengning i sjø - Rekefjord Stone AS

Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad gitt Rekefjord Stone AS løyve til mudring og sprenging i sjø ved eigedomen 81/1 i Sokndal.


04.05.2018

Etterhandskunngjering av endra løyve til Stavangerregionen Havn IKS

Fylkesmannen har etter søknad endra løyve til arbeid i sjø på eigedomane 51/52 og 88 i Randberg kommune.


04.05.2018

Etterkunngjering av nytt og endra løyve til Eigersund Næring og Havn KF

Fylkesmannen har etter søknad gitt Eigersund Næring og Havn KF nytt løyve til å fortsette utfylling i sjø i Holeviga. Løyve omfattar arbeid på eigedom 8/22 i Eigersund kommune. Vi har også endra vilkår i gjeldande løyve til sprenging i sjø i same området.


02.05.2018

Nytt løyve for Avinor AS avdeling Stavanger Lufthavn

Den 30. april 2018 fekk Avinor AS avdeling Stavanger Lufthavn nytt løyve i medhald av forureiningslova. Avinor har hatt løyve frå år 2000 til avising av fly og til brannøving. Løyva er nå erstatta av eit nytt løyve som også regulerer avising av rullebanar.