Sjølaksefiske

Oppdatert 06.04.2021

......

Sjølaksefiske med fastståande reiskap

Alle som ønsker å fiske i sjøen etter anadrome laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) med fastståande reiskap (kilenot/krokgarn) skal kvart år registrere seg hos Statsforvaltaren via nettsidene «Lakseregisteret-Sjølaksefiske». Statsforvaltaren sender ut fangstdagbok når registreringa er fullført. I Rogaland er det kun ope for fiske etter laks med kilenot i ordinær sesong. All fangst av sjøaure skal settast ut att. Sjøområda i Rogaland høyrer til fire ulike regionar med ulik fisketid. Frå sesongen 2021er det kun ope for fiske etter laks med kilenot i Region Indre Rogaland.

Registrering på internett

Registrering av sjølaksefiske skal gjerast digitalt i Lakseregisteret- Sjølaksefiske: www.sjofangst.no.

Registeret er ope for registrering frå 14. april. Navn på fiskar, fiskereiskap og fiskeplass skal registrerast kvart år.

Fristen for innmelding av fiske er 20. mai.

Dersom du har spørsmål om registrering av sjølaksefiske, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren i Rogaland:

Anita Bjørsvik (fmroabj@statsforvalteren.no) telefon: 51 56 89 18 eller
Stig Sandring (fmrossa@statsforvalteren.no) telefon 51 56 89 31

Fiskeplass

Fiskeplassen må registrerast på kartet i Lakseregisteret, og det er viktig at fiskeplassen er innteikna på rett stad. Ingen får godkjent registrering utan at fiskeplassen er kartfesta. Fiskeplassen er synleg på kartet på nettsidene, men ingen personinformasjon frå registeret er tilgjengeleg for andre enn dei som skal kontrollere fisket, slik som Statens naturoppsyn, Kystvakta og Politiet. Statistisk sentralbyrå får og tilgang. Miljødirektoratet er ansvarleg eigar av systemet.

Dei som fiskar i nærleiken av vassdrag med anadrome laksefisk vert spesielt bedne om å kontrollere at fiske ikkje kjem i strid med reglane i Forskrift om fredingssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland.

Merking av reiskap

Alle fastståande reiskap som er nytta til fangst av laks, skal vere merka. Dersom du tidlegare har fått tildelt fylkesregistreringsnummer, kan du bruke dette. Du kan og bruke dei tre siste talla i SSB-nummeret. Dersom du ikkje har SSB-nummer får du tildelt dette når du registrerer ditt fiske digitalt i Lakseregisteret.

Reiskap skal merkast i samsvar med § 14 i Forskrift om redskaper m.v. ved laksefiske.

Betaling av fiskaravgift

Du må betale den statlege fiskaravgifta hvis du skal fiske etter laks med fastståande reiskap i sjø. Fiskaravgifta må vere betalt for å få reiskapen registrert hos Statsforvaltaren. Når du registrerer ditt fiske digitalt i Lakseregisteret, kan du samtidig betale fiskaravgifta gjennom Miljødirektoratets betalingsløysing på nett. Kvittering blir da sendt til Statsforvaltaren automatisk.

Fiskaravgift kan og betales via netthandel, mobilportal, via nettbank; Posten eller banken. Dersom du vel å betale fiskaravgift i nettbank, skranke i post eller i bank, må du skrive navn og reiskapsnummer på kvitteringa og sende den til Statsforvaltaren i Rogaland. Merk brev/e-post med "sjølaksefiske".

Sjå Miljødirektoratet si informasjonsside om fiskaravgifta og korleis den kan betalast: Fiskaravgift

Stadfesting av registrert fiske

Det kan ikkje fiskast lovleg før registreringa i Lakseregisteret - Sjølaksefiske er stadfesta. Statsforvaltaren sender ut fangstdagbok til alle som er registrert. Mottatt fangstdagbok er din «kvittering» og stadfesting av at registreringa av fisket er fullført.

Registrering av sjølaksefiskarar vert gjennomført av omsyn til både fangstrapportering og oppsyn. Vår registrering av fiskarar, med tildeling av registreringsnummer, må ikkje oppfattast som eit fiskeløyve. Vi tek ikkje stilling til privatrettslege forhold knytta til kven som har retten til å fiske på dei enkelte eigedomane.

Du er sjølv ansvarleg for å kontrollere om det kan fiskast på staden og gjeldande reglar.

Fiske med fastståande reiskap er knytt til grunneigarretten, og registreringsplikta gjeld både fiske på eigen grunn og fiske etter avtale med grunneigar.

Fisketid for sjølaksefiske

Fisketid for sjølaksefiske er fastsett i nasjonal forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i sjøen.

Sjøområda i Rogaland høyrer til fire ulike forvaltningsregionar for sjølaksefiske med ulik fisketid;

  1. Indre Rogaland
  2. Jæren
  3. Kysten frå Stadt til Stavanger
  4. Hardangerfjorden

Frå sesongen 2021 er det kun åpna for fiske etter laks med kilenot eller lakseverp i forvaltningsregion Indre Rogaland. Avgrensning av regionane går fram av tabell og kart nedanfor. Det er ikkje lenger åpe for fiske i utvida fiskesesong (haustfiske etter rømt oppdrettslaks).

Tabellen nedanfor viser fisketider og bestemmelser for det fire forvaltningsregionane i Rogaland. Ukentleg fisketid er mandag kl. 18.00 – fredag kl. 18.00. All fangst av sjøaure skal settast ut att.

Forvaltningsregioner i Rogaland

Fisketid og bestemmelser

Indre Rogaland

Bokn (øst for E39), Tysvær (øst for E39),

Vindafjord (unntatt fjordområdene nord for E134), Sauda, Suldal, Stavanger (øst for E39), Hjelmeland, Strand, Sandnes, Gjesdal

 

 

 

 

 

 

 

 

15. juli - 04. august

Ukentleg fisketid: mandag kl.18 – fredag kl.18

All sjøaure skal settes ut.

Unntak:
Vindafjordsystemet (nord for ei rett linje frå Tunganes til sydspissen av Ommundsholmen) åpnes ikkje.

Jæren

Stavanger (Hafrsfjord innenfor Hafrsfjordbrua), Sola, Klepp, Hå, Eigersund, Sokndal

 

Åpnes ikkje

Kysten Stadt til Stavanger

Haugesund, Utsira, Karmøy, Bokn (unntatt region Indre Rogaland), Kvitsøy,

Randaberg, Stavanger (unntatt regionene Jæren og Indre Rogaland)

 

 

Åpnes ikkje

Hardangerfjorden

Vindafjord (fjordområdene nord for E134),

Tysvær (fjordområdene nord for E134)

Åpnes ikkje

 

Sjå avgrensninga av regionane for sjølaksefiske i Rogaland i kartet nedanfor. Skravert areal i kartet viser områda som ikkje er opna for sjølaksefiske. Fredningssoner utenfor vassdrag er og merka i kartet.

Temakart Rogaland - Lenke til kart

imagevzcra.png

Reiskap

I Rogaland er det kun ope for fiske etter laks med kilenot eller lakseverp.

Vi ber deg kontrollere nøye at reiskap som skal nyttast i sjølaksefiske er i samsvar med Forskriften om oppgaveplikt og om redskaper som er tillatt benyttet ved fiske etter anadrome laksefisk.

Rapportering av fangst

God fangststatistikk er naudsynt i eit bærekraftig sjølaksefiske og for forvaltning av villaksen. Det er derfor viktig at fangstdagbøkene vert ført nøyaktig. Fangstane skal rapporterast som rund vekt av fisken. Manglande fangstrapportering kan føre til at du blir utestengt frå fiske neste sesong. Fangstdagbøkene registrerast elektronisk i Lakseregisteret – Sjølaksefiske, snarest mogleg etter at fisket er avslutta, og seinast innan 15. september.

Om du ønsker papirversjon av fangstdagboka, må du be om det når du registrer deg for fiske.