Ny rapport om auka produksjon og bruk av norsk fôr

Storfe på beite
Storfe på beite Foto: Annabell Pfluger / Statsforvaltaren i Rogaland.

Landbruksdirektoratet tilrår verkemidlar for å auke norskandelen i kraftfôr, produsere meir og betre grovfôr, og auke beitinga.

Publisert 19.03.2021

Dei siste 20 åra har det vore ein nedgang i mengde heimeprodusert fôr, og ein aukande trend i mengde innkjøpt kraftfôr. Auken skuldast i hovudsak større produksjon av kylling, egg og svin. Samstundes har det vore ein betydeleg auke i kraftfôrforbruket til drøvtyggarar utan at produsert mengde kjøt og mjølk har endra seg vesentleg.

I rapporten frå Landbruksdirektoratet blir det peika på to hovudstrategiar:

  1. Auke norskandelen i kraftfôret gjennom å auke innsatsen på rådgjeving og forsking, auke korndyrkinga, produksjon av protein og alkalisering av korn.
  2. Meir og betre grovfôr gjennom å auke kvaliteten på grovfôret, betre rådgjeving, rett haustetidspunkt, og auka beiting med meir intensivt beiting av storfe på innmark.

Kornproduksjonen i Rogaland er liten målt opp mot nasjonal produksjon, snaut 20 000 dekar av 2 755 500 dekar, men den var oppe i 40 000 dekar berre for 20 år sida. Derimot er det mykje grasproduksjon i fylket vårt. Om lag 95 prosent av totalt 997 000 dekar jordbruksareal er grasdekt. Ein stor del at dette er innmarksbeite, og i tillegg kjem utmarksbeita. Det betyr at det er på grassida bønder i Rogaland kan bidra med å redusere importen av kraftfôr. Fleire fôreiningar kan hentast ut frå graset, men det er òg potensiale i å dyrke meir korn. Prosjektet Grovfôr 2020 viste at det er mykje å hente på lønsemda i produksjonen ved å gjere dei riktige vala med tanke på agronomi og drift, samt i god oppfølging frå rådgjevarar.