Jordvern

Oppdatert 08.04.2024

Vi treng dyrka og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mogleg grad unngå å byggje vegar, bustader og industribygg på dyrka mark. Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis blir brukt til å dyrke mat og ikkje omdisponert til andre formål.

Presset på matjordareal varier frå fylke til fylke

Utfordringane på dette området varierer mykje frå region til region, med overskot av areal, attgroing og dårleg vedlikehald i enkelte område, og underskot, nedbygging, mangel på areal å spreie husdyrgjødsel på og høge leigeprisar i andre område.

Dei delane av landet med byar og tettstader som veks mest, har også dei mest produktive jordbruksområda. Dei siste 50 åra er det omdisponert meir enn ein million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanlegginga må utbyggingsbehov, transportsystem, grønstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfald og kulturminnevern vurderast samla.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 13.06.2017

Stor regional jordvernkonferanse i Haugesund 2. oktober 2017

Stortinget har vedteke ein ny jordvernstrategi som seier at jordvernet skal ha auka merksemd når ny arealbruk skal avgjerast. Kva stilling har eigentleg jordvernet når kommunane skal avgjere saker i Rogaland og Hordaland? Spørsmålet blir eit sentralt tema i Haugesund. Du kan melde deg på konferansen allereie nå.


Publisert 22.05.2017

Det blir eigen jordvernstrategi for Rogaland!

Eit samrøystes Fylkesutval bestemte 16. mai 2017 at Rogaland skal få eigen jordvernstrategi. Å finne god balanse mellom vekst og jordvern er krevjande, og Rogaland har i fleire år vore fylket som bygger ned mest matjord. Ein jordvernstrategi vil løfte fram dei regionale utfordringane, og sikre politikarane eit godt vurderingsgrunnlag når dei ulike samfunnsinteressene skal vegast opp mot kvarandre.  


Publisert 28.04.2017

Regional jordvernkonferanse 2. oktober

Jordvernet får sin eigen konferanse i Haugesund 2. oktober. Her blir fortetting av bustadområde, transformasjon og konsentrert utbygging sett på programmet. Vi anbefaler politikarar, tilsette i kommunane og andre interesserte om å sette av datoen allereie no.  


Publisert 21.04.2017

Hå kommune kandidat til jordvernpris

Fylkesmannen i Rogaland meiner Hå kommune er ein god kandidat for jordvernprisen. Dei har gjennom sin kommuneplan gjort fleire viktige grep for å styre veksten med mål om minst mogleg nedbygging av jordbruksjord.


Publisert 28.02.2017

Nasjonal jordvernpris - kandidatar frå Rogaland?

Fylkesmannen ønskjer forslag til kommunar som fortener nasjonal jordvernpris 2017.


Publisert 14.12.2016

Endeleg nei til planting av juletre på matjord i Klepp

Ein juletreprodusent i Klepp får ikkje utvide produksjonsarealet sitt på dyrka jord. Landbruksdirektoratet støttar eit vedtak frå Fylkesmannen i Rogaland og sier også nei til omdisponering av jordbruksareal.


Publisert 14.12.2016

Opsjonsavtalar utfordrar jordvernet

Bynære jordbruksområde er under stadig utbyggingspress. Opsjonar, der utbyggarar og grunneigarar er samde om prisen på jordbruksareal og grunneigaren årleg mottek økonomisk kompensasjon, er utfordrande. Dette gjeld både jordvernet og dei demokratiske prosessane som fastset kva areal som skal byggast ut, og kva areal som skal sikre nasjonal matproduksjon. I Rogaland ser vi stadig nye døme på bruk av slike avtalar, spesielt på Nord-Jæren.


Publisert 10.11.2016

140 deltok på samlingar om jordvern og arealforvaltning

Engasjerte kommunepolitikarar lærte meir om jordvern og areal- og eigedomsforvaltning i landbruket gjennom fire regionale samlingar.


Publisert 26.04.2016

Får ikkje plante juletre på matjord i Klepp

Fylkesmannen gjer om eit vedtak der Klepp kommunen har gitt dispensasjon for omdisponering av 36 dekar dyrka jord  til juletreproduksjon.


Publisert 18.03.2016

Oppfølging av nasjonal jordvernstrategi

Landbruks- og matministeren har no sendt brev til alle landets kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn om oppfølging av den nasjonale jordvernstrategien.