Jordvern

Oppdatert 08.04.2024

Vi treng dyrka og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mogleg grad unngå å byggje vegar, bustader og industribygg på dyrka mark. Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis blir brukt til å dyrke mat og ikkje omdisponert til andre formål.

Presset på matjordareal varier frå fylke til fylke

Utfordringane på dette området varierer mykje frå region til region, med overskot av areal, attgroing og dårleg vedlikehald i enkelte område, og underskot, nedbygging, mangel på areal å spreie husdyrgjødsel på og høge leigeprisar i andre område.

Dei delane av landet med byar og tettstader som veks mest, har også dei mest produktive jordbruksområda. Dei siste 50 åra er det omdisponert meir enn ein million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanlegginga må utbyggingsbehov, transportsystem, grønstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfald og kulturminnevern vurderast samla.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 03.12.2018

Sandnes foreslår endringar i tilleggshøyring av kommuneplanen

Fleire av Fylkesmannen sine motsegner frå høyringa tidlegare i haust er løyst om justeringane blir gjennomført som foreslått. Ein del arealforslag er framleis i konflikt med nasjonale føringar knytt til samordna areal- og transportplanlegging, strandsone og jordvern. 


Publisert 01.11.2018

Ber Rennesøy sjå etableringa av nye bustadområde og Green Mountain i eit større perspektiv

På veg inn i Nye Stavanger justerer Rennesøy arealdelen med utgangspunkt i ein strategisk samfunnsdel av kommuneplanen. Nokre av endringane utfordrar særleg jord- og strandsonevern.


Publisert 01.11.2018

Finnøy blir snart ein del av Nye Stavanger- samfunnsdelen skal legga grunnlaget for å byggja ein ny kommune

Finnøy kommune har som Rennesøy valt å først revidera samfunnsdelen av kommuneplanen, der det er fokusert på særskilde utfordringar for Finnøy. Samfunnsdelen skal vere eit grunnlagsdokument for samla kommuneplan for Nye Stavanger. Fylkesmannen oppmodar kommunen til å tenkje langsiktig og gje tydelege føringar for framtidig naturressursforvaltning.


Publisert 09.10.2018

Regjeringa set jordvern meir på dagsorden!

Regjeringa la i går fram oppdatert nasjonal jordvernstrategi i samband med statsbudsjettet. Dette er med på å setje jordvern meir på dagsorden, og det er kome fram to nye konkrete tiltak.


Publisert 02.10.2018

Tydeleg jordvernbrev frå statsråd Bård Hoksrud

Landbruks- og matministeren sende den 1. oktober ut eit brev til alle Fylkesmenn om at jordvern er ei viktig nasjonal og regional interesse i planlegginga i kommunane. Det blir også annonsert ein oppdatert nasjonal jordvernstrategi i samband med statsbudsjettet.


Publisert 28.09.2018

Stø kurs frå Gjesdal kommune

Gjesdal har lagt ut ein avgrensa revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel til høyring. Forslaget er totalt sett eit planfagleg solid dokument, men nokre føresegner er i konflikt med nasjonale og regionale omsyn.


Publisert 24.09.2018

Sola kommune blir rigga for framtida

Det er gjort eit solid kommuneplanarbeid i Sola. Kommunen har lagt fram gode arealforslag som i stor grad held seg til nasjonale og regionale føringar, som nullvekstmålet og Regionalplan for Jæren.


Publisert 04.09.2018

Fylkesmannen har gitt høringsuttale til kommuneplan for Sandnes 2019-2035

Sandnes kommune har lagt ned mykje godt arbeid i kommuneplanrulleringa, både når det gjeld samfunnsdel med ny strategi for by- og stadutvikling, vurdering av nye arealforslag og forenkling av planføresegner. Vår vurdering er at kommunen har nok arealreservar i godkjende område, og at fleire nye byggeområde er i konflikt med nasjonale og regionale interesser.


Publisert 24.07.2018

Regional jordvernstrategi på høyring: Eit viktig initiativ

Rogaland fylkeskommune har teke eit viktig initiativ for å redusere nedbygginga av jordbruksjord gjennom ein eigen jordvernstrategi. Målet er at det maksimalt skal omdisponerast 400 dekar årleg. Fylkesmannen i Rogaland finn mykje positivt i forslaget. 


Publisert 29.05.2018

Fylkesmannen har gitt høyringsuttale til revidert kommuneplan Hjelmeland

Hjelmeland kommune har lagt ned mykje godt arbeid i kommuneplanrulleringa. Det har vore eit flott medverknadsarbeid, men for fleire tema saknar me meir overordna grep. Dette gjeld for tettstadsutviklinga i Årdal og Fister  og område for akvakultur- og råstoffutvinning. Planen er på god veg, men det er behov for noko meir arbeid før endeleg vedtak .