Har kommunestruktur noko å sei i arealplanlegginga?

Foto: Alexey Topolyanskiy, Unsplash.com

Statsforvaltaren har nyleg skrive samarbeidsavtale med Vista Analyse AS knyta til utfordringar med oppdelt kommunestruktur i byområde. I oppdraget inngår også det å sjå på effektar knyta til arealutviklinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.09.2021

Vi har nyleg gjort avtale med Vista Analyse, og i utvikling av modellen inngår også det å sjå på om det er meirkostnad knyta til arealutviklinga i fleirkommunale byområde.

Bestillinga av modellen er eit viktig ledd i vårt oppdrag om å ha ein dialog om framtidig kommunestruktur, og i dette ligg det å stimulere til diskusjonar om utfordringar i dei aktuelle kommunane.

Nasjonale forventningar til dialog om kommunestruktur

I «Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019-2023» er det peika på at kommunane må bruke planlegging til å diskutere om dei har føresetnadar til å møte framtidige utfordringar åleine, eller om dei bør slå seg saman med nabokommunar.

Vi har i vår dialog med kommunane, m.a. i uttale til kommunale planstrategiar, rådd til dialog med aktuelle nabokommunar om felles utfordringar. Dette vil vi følgje opp vidare i samband med dei prosessar vi nå står føre knyta til revisjon av kommuneplanar, både samfunns- og arealdel.

Vår vurdering er at utfordringane, m.a. knyta til økonomi, samsfunnsikkerheit, klima og jordvern, tilseier ein tettare dialog mellom kommunar, og i dette ligg også ein dialog om kommunestruktur.

Vi ser fram til å nytte modellen frå Vista Analyse AS

Vi legg til grunn at modellen som er i utvikling vil vere eit nyttig reiskap i vår dialog med kommunane i Rogaland, då særleg i byområda på Haugalandet og Nord-Jæren. Kommunane i desse byområda samarbeider godt på mange område, men vår erfaring tilseier at det er særlege utfordringar knyta til ei samordna areal- og transportplanlegging.

Det blir spanande å sjå kva modellen frå Vista Analyse AS fortel oss om dette.

På eit ope webinar den 26. oktober 2021 frå kl. 12.00 - 12.30 med tittel "Betyr kommunestruktur noe for byområdenes bærekraft?" vil Vista Analyse presentere status for arbeidet med den økonomiske modellen. For påmelding til webinaret sjå lenke til høgre i denne artikkelen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.